Vil stoppe sprenging i Gudvangen

Nærøydalen elveeigarlag vil mandag 21. juni forsøke å stoppe sprenging av store fjellmassar i Gudvangen.

Det var tysdag i førre veke at det gjekk eit kjemperas i fjellsida i Gudvangen i Sogn. Raset var så stort at det vart registrert som eit jordskjelv ved fleire jordskjelvstasjonar i Sør-Norge, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Nasjonalt laksevassdrag

Etter raset ligg det no att nær 5000 kubikkmeter med steinmasse, og ein geolog har konkludert med at steinmassane utgjer ein fare for bustadfeltet som ligg ved foten av fjellsida. Han vil sprenge vekk steinmassane, men det møter motstand hos elveeigarlaget.

– Nærøydalselva er eit nasjonalt verna laksevassdrag, og det inneber og alle sideelvar er verna. Me treng ikkje meir fiskedrepande steinstøv og finmassar i elva no, seier leiar i Nærøydalen elveeigarlag, Gunnar Jordalen, til Sogn Avis.

– I nasjonale laksevassdrag skal det i fylgje ei pressemelding frå Det Kongelege Miljødepartement av 15. desember 2006, ikkje setjast i gang tiltak som kan skada villaksen, påpeikar Jordalen.

Han meiner at alt finstoffet frå raset har vore til skade for småfisk i Nærøydalselva.

– Så seint som laurdag var inste del av Nærøyfjorden framleis grå, seier Jordalen.

– I strid med ureingslova

Styret for elveeigarlaget krev at fylkesmannen stoppar den planlagde sprenginga opp under fjelltoppen Nebbet.

– Styret i elveeigarlaget meiner at den planlagde sprenginga vil vera i strid med forureingslova. Dette er eit tiltak som truleg ytterlegare vil kunne føre til svært negative konsekvensar for vassdraget, seier Jordalen.

Dei meinar at massane som kom med raset bør fjernast, og at det vert laga sandfanggroper som kan fange opp finmassane.

Sprengde fjellmassar

Artikkelen er oppdatert 22.06.2010
Det vart mandag 21. juni utført spreningsarbeid som planlagt, men det var berre avgrensa med fjellmassar som kom ned. Kommunen vurderte tirsdag 22. juni å sprenge meir på Nebbet, melder NRK Sogn og Fjordane.

Aurland kommune hadde tirsdag møte om saka med geologar, og konklusjonen frå møtet er at det ikkje vert meir sprenging i rasområdet i Gudvangen, melder NRK Sogn og Fjordane.