Vil skape forundring

GULEN: Oppdrettsfirmaet Firda Management opna ein «Forundringsflåte» for publikum.

Barnet kom raskt fram i publikum fredag 2. juli då dørene vart opna til Gulen sin nyaste attraksjon, Forundringsflåten. Flåten som har fått plass på Skjerjehamn, skal lære publikum korleis det er mogleg å halde laks som husdyr, skriv nordhordland.no.

– Vi håpar at born, ungdom og vaksne vil bli begeistra og forundra når dei besøker flåten, seier Ola Braanaas til nettstaden.

Han er eigar og styreleiar i selskapet Firda Eiendom AS, som er innehavar av ein visningskonsesjon for laks, regnbogeaure og aure. Selskapet er dessutan morselskap til Firda Management AS, som med fleire dotterselskap, mellom dei Firda Seafood AS og Firda Sjøfarmer AS, er store innan oppdrett og eksport av oppdrettsfisk.

Gjennom ti interaktive eksperiment får besøkande på flåten lære om lakseoppdrett på ein spanande måte. Dei kan prøva å styra ein liten miniubåt, vaksinera laks og fôre fisk.

– Det er imponerande det dei har fått til, sa ordførar Trude Brosvik då Forundringsflåten opna dørene.

Utstillinga er tilrettelagt for både store og små. Lett forståelege tekstar skal vere med på å gi kunnskap om fiskeoppdrett, samstundes som ulike spel og visuelle hjelpemiddel er med på å gi lære gjennom aktivitet, skriv nettstaden.

– Vi trur massane har behov for meir kunnskap om yrket. Med denne utstillinga ynskjer me å vise teknologien og måten vi tenkjer på, forklarar Braanaas.