Fiskehelseveterinærar har mista oppdrag når dei har rapportert om sjukdom i oppdrettsanlegg, skriv NRK.
Det var i 2008 og 2009 at fiskehelseveterinærar rapporterte om sjukdom eller mistanke om sjukdom i oppdrettsanlegg, og som i etterkant mista oppdrag, skriv NRK.
Leiar i Akvaveterinærenes forening (AKV), Karianne Jakobsen, seier at slikt skal ikkje skje. Ho vedgår at foreininga har ein jobb å gjere, både overfor medlemmane og kundane deira, skriv NRK.
Akvaveterinærar som NRK har vore i kontakt med, seier problematikken er kjent. Og det er særleg veterinærar med få kundar som kan kjenne på presset frå kundar.
Då foreininga høyrde om tilfella, sette dei ned eit notat og tok deretter temaet opp på årsmøtet i oktober fjor.
Der var det semje om at det er behov for standardisering av avtalar mellom fiskehelsetenester og oppdragsgjevarar.
AKV arbeider no med ei presisering av regelverket, som tek føre seg kven som har meldeplikt og når ein må melde frå. Tanken er at notatet kan vere oppklarande når kontraktane vert inngått, skriv NRK.