NIRI får ikkje konsesjon

NIRI AS er skuffa over at departementet ikkje gjev selskapet gratis konsesjon for landbasert matfiskoppdrett av laks utanom ordinær konsesjonsrunde.

Oppdrettsgründer Arve Gravdal meiner landbasert oppdrett er løysinga på problema og fortvilar over motstaden frå styresmaktene, skriv NRK.

– Vi ønskjer å gjere dei første store utbygginga i Norge. Vi har ikkje gitt opp heilt enno, sjølv om vi har fått nei frå fiskeriministeren i denne tildelingsrunden, seier Gravdal.

– Slike løyver vert gitt i tildelingsrundar når regjeringa bestemmer det seier avdelingsdirektør i fiskeri- og kystdepartementet Martin Bryde, til NRK.

Bryde fortel at det er uvisst når det blir utlyst ny tildelingsrunde. Han kan ikkje svare på om NIRI eventuelt kan få etablert seg i Norge i framtida.

– Det er heilt umogleg å seie noko om no. Dei må først søke i ein eventuell ny tildelingsrunde eller kjøpe løyver på marknaden, seier Bryde.

Vil kreve vederlag

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen skreiv i et brev til selskapet i april i år, at løyve til akvakultur er avgrensa i tal og tildelast i tildelingsrundar etter søknad.

– Ein søknad om landbasert oppdrett til matfiskformål, vil etter dagens regelverk bli handsama etter dei alminnelege reglane for matfiskoppdrett, og til dømes ikkje reknast som settefisk, opplyste Berg-Hansen.

– Akvakulturlova opnar for å ta vederlag for løyve til oppdrett av laks, aure eller regnbogeaure. Det har vore praksis for alle nye løyve frå 2002, og eg her ikkje planar om å foreslå endringar i regelverket no, slik at løyver til oppdrett av matfisk blir vederlagsfrie, skreiv Berg-Hansen.

– Lønsamt med landbasert oppdrett

Nordfjord-selskapet NIRI har utvikla ein teknologi som dei meiner vil gjere det lønsamt å drive oppdrett på land. Gravdal meiner landbasert oppdrett kan vere ei god løysing på problema med lakselus.

– Med den nye teknologien er vi kvitt problemet med lakselus. Det er ikkje behov for vaksine og problema med rømming av laks er ikkje til stades, hevdar Gravdal.

Han hevdar at ei rekkje problem som finst med tradisjonelt lakseoppdrett i merdar i sjøen, ikkje finst når oppdrett vert flytta på land.

– Sist men ikkje minst, sjølv om folk ikkje trur det, så er det billegare å produsere på land, hevdar Gravdal som er redd selskapet hans ikkje skal klare etablere seg i Norge.

Selskapet NIRI er allereie etablert i utlandet, men har ikkje kapital til å kjøpe seg inn i oppdrett i Norge, skriv NRK.

Held neppe vatn

NIRI hevdar som nemnt at problem med rømming ikkje vil vere til stades ved denne typen anlegg. Det er ein påstand som neppe held vatn. Fisk.no er kjent med erfaringar frå settefiskanlegg, som i prinsippet er som små landbaserte anlegg å rekne, som syner at oppdrettskar revnar, botnen forsvinn, feil ventilar åpnast, kara fløymer over eller rister er ikkje der dei skal vere, med det resultat at både fisk og vatn forsvinn ut av oppdrettskara og det kan oppstå rømming eller nesten rømming av fisk.