Avslår flytting i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland vil ikkje gi løyve til flytting av anlegg for oppdrett av laks og aure.

Fylkesmannen i Rogaland har avslått 10 søknadar om utviding/nyetablering av lakseproduksjon i Boknafjord/Ryfylkefjordane, skriv fylkesmannen i ei pressemelding.

Oppdrettarane ønskjer å flytte meir av produksjonen lenger ut mot kysten, og søkte om utviding av MTB-grensene (MTB = Maksimalt tillatt Biomasse) for dei einskilde lokalitetane der.

Løyve i samsvar med søknadane, kunne naturleg nok ha ført til auke i produksjonen i dei aktuelle områda. Derimot så ville oppdrettarane sin totale produksjon truleg ikkje ha auka med nye løyve. Dette fordi det er laksekonsesjonane som avgrensar produksjonen. Konsesjonane kan drivast fordelt på fleire lokalitetar.

Søknadane kom frå selskapa Bremnes Seashore AS, Grieg Seafood Rogaland AS, som er dotterselskap av børsnoterte Grieg Seafood ASA, Marine Harvest Norway AS, som er dotterselskap av Marine Harvest ASA, samt Alsaker Fjordbruk AS.

Oppdrettarane meiner det vert meir miljøvennleg å drive oppdrett lenger ute i fjorden.

– Vi er litt ueinig med fylkesmyndigheitene i at dette vil føre til verre tilstandar. Dei kunne godt ha sett litt meir fleksibelt på dette, seier regionsjef i Vestnorsk havbrukslag i FHL, Hans Inge Algrøy, til NRK Rogaland.

– Må sjåast i samanheng

Fylkesmannen skriv at søknader innan akvakultur, tidlegare har vore handsame meir eller mindre som enkeltsaker, men etter endringar i drifta av fiskeoppdrett, ser fylkesmannen behov for å endre denne praksisen. For å få eit godt nok informasjonsgrunnlag, må enkeltlokalitetar sjåast i samanheng for eit større geografisk område, meiner fylkesmannen. Dette gjeld både tilhøve ved drifta, biomasse, lokalisering av anlegg og tettleik av fisk.

I områder med stor produksjon, skal summen av påverknadane ikkje føre til redusert miljøkvalitet for resipienten, skriv fylkesmannen.

– Lakselus og overgjødsling

Grunngjevinga er at fylkesmannen, mellom anna ut frå situasjonen med lakselus og utslepp av næringssalt, ikkje vil tilltate utviding av anlegg.

– Kraftig vekst i oppdrettsnæringa, samt endringar i makroalgesamfunna i Ryfylkefjordane, gjer at fylkesmannen ikkje finn det forsvarleg å auka laksefiskproduksjonen ytterlegare. Dette skuldast miljøtilstanden i fjordane, skriv fylkesmannen.

– Tålegrensa for ville bestandar av laks og sjøaure i Rogaland er nådd, og til dels også overskriden, hevdar fylkesmannen.

– I løpet av dei siste 15 åra har biomassen av oppdrettsfisk i Rogaland auka kraftig, mengda fisk er om lag femdobla i løpet av denne perioden. Som følgje av den kraftige veksten er utslepp av næringssalt også tilsvarande store, skriv fylkesmannen.

– Nyare feltgranskingar tyder på at økosystemet i Ryfylkebassenget er i ubalanse, hevdar fylkesmannen.

– Dette har resultert i eit skifte i makroalgesamfunna frå eit økosystem med skogdekkande tareplanter (inkludert sukkertare) til eit samfunn av kortliva trådalgar, heiter det i meldinga frå fylkesmannen.

– Gjennom vassforskrifta har dei ulike sektorane forplikta seg til å følgje målet om god økologisk status for kystvatn innan 2022. Sukkertaren inngår som ein viktig biologisk indikatorart på miljøtilstand. Bortfall av denne kan bety at den økologiske statusen i kommande klassifisering- og karakteriseringsarbeid etter vassdirektivet må nedjusterast, skriv fylkesmannen.

Avslår auke

– Med bakgrunn i dagens situasjon for vill laksefisk i Rogaland, rår fylkesmannen ifrå at det blir gitt nye løyve til tiltak som aukar produksjonen av oppdrettslaks i fylket, skriv fylkesmannen.

– Noreg har eit særleg ansvar for den atlantiske villaksen. Om lag ein tredjedel av verdens førekomst av viltlevande atlantisk laks har sitt opphav i norske vassdrag. Dei ulike laksestammane er unikt tilpassa det vassdraget dei lever i, påpeikar fylkesmannen.

– Lakselus og rømt oppdrettslaks er dei to alvorlegaste truslane mot ville bestandane av laks og sjøaure i fylket. Tettleiken av lakselus og talet på rømt oppdrettslaks har samband med mengda oppdretta laks i sjøen, uttalar Fylkesmannen i Rogaland.