0,4 mill. til «Lusalaus»

Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt programstyret for havbruk og fiskeri, har løyvd 400 000 kroner til prosjektet «Lusalaus».

Dette er oppdrettsnæringa på vestlandet sitt lakselusprosjekt, som set fokus på å samle inn kunnskap og fakta om lakselus sin påverknad på villaks og oppdrettsfisk, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding i høve løyvinga.

Gjennom prosjektet «Lusalaus» ønskjer havbruksnæringa å få førekomsten av lakselus ned igjen på akseptable nivå. Dette prosjektet vart etablert våren 2009, og er eit samarbeid om koordinerte, førebyggjande og førekjempande tiltak av lakselus for Vestlandet frå Rogaland til Møre og Romsdal. Fiskeri og Havbruksnæringa si landsforeining har fulgt opp dette med ei tilsvarande landsomfattande organisering.

Hovudmåla til lakselusprosjektet er å samle og organisere informasjon om status og utvikling i lusesituasjonen på Vestlandet, slik at det er mogeleg å evaluere tiltak. I tillegg ønskjer ein å samle tilstrekkeleg og uavhengig dokumentasjon for å sikre at forvaltning av oppdrettsnæringa byggjer på fakta. Eit siste mål er å bygge kompetanse om førebygging og behandling mot lakselus på alle nivå i selskapa.