Kverrsette tre garn i Sogn

Naturoppsynet fann tre ulovlege garn i Indre Sognefjorden.

Statens naturoppsyn (SNO) hadde natt til måndag den 19. juli kontroll med ulovleg laksefiske på deler av Indre Sognefjorden. Resultatet vart kverrsetjing av tre garn, eit i Vik og to i Sogndal kommune.

Under måndagens kontroll vart eit garn på 34 mm funne om lag ein kilometer aust av Vangsnes ferjekai i Vik kommune, eit garn på 34 mm sto ved Lidal i Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune og eit garn på 44 mm ved Lindborg i Sogndalsfjorden. I to av dei tre garna som SNO fann sto det fire sjøaurar, tre av dei var i live og vart slept fri.

– SNO tek ofte kontrollar på natta for å avdekka og stoppe det ulovlege fisket etter laks og sjøaure, seier Rein-Arne Golf i SNO Aurland i ei pressemelding.

Fleire av elvane i Sognefjorden har sterkt trua laks- og sjøaurestammar og det er svært uheldig at det enno er folk som driv med denne form for fiske på blanda stammar av laks og sjøaure i fjorden.

Kan få store bøter

For Statens naturoppsyn er fiskarane med desse garna ukjente, men tilhøva vil verta meldt til politiet saman med dei kverrsette garna.

For ulovleg fiske etter laks og sjøaure kan ein rekna med bøter på 8000 – 10000 kr, opplyser Naturoppsynet.

– Nokre av desse garna står med innsyn frå land og det er grunn til å tru at fiske bør vera kjent. Er det noko som har informasjon om ulovleg fiske kan dette gjevast til lokalt politi.

– Elles vil med oppfordra folk til å bruka nettsida ulovligegarn.no om dei ser garn som kan vera sett ulovleg, slik at me får målretta oppsynstenesta vår, oppfordrar Rein-Arne Golf.

Reglane for fiske med garn
Ved fiske i sjøen med garn (vanlege settegarn, flytegarn, osv.), må du hugse:

  • At det er forbod å fiske etter villaks, sjøaure eller sjørøye.
  • At du plikter å setje reiskap slik at du ikkje får laks, sjøaure eller sjørøye.
  • Å merkja reiskap med namn og adresse.
  • Å søkkje ned garn i perioden 1. mars til 30. september, slik at heile fangstdelen står minst tre meter under havoverflata til ei kvar tid (gjeld garn med maskestorleik på 32 millimeter eller større). Vær merksam på at fylkesmannen kan gjera påbod om å søkkje ned garn til å gjelda også for maskestorleik under 32 millimeter.
  • At fiske med kilenot, settegarn og krokgarn er knytt til grunneigarretten, og at det gjeld spesielle reglar for å fiske med desse reiskapstypane.

(Kjelde: SNO).