Gjølanger Settefisk vurderer nybygg

FJALER: Gjølanger Settefisk vurderer nybygg og får 2 års utsett reinsefrist for utsleppa frå settefiskanlegget.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har endra Gjølanger Settefisk AS sitt løyve etter ureiningslova, og gjeve utsett frist til 31. desember 2012 for reinsing av utsleppa frå settefiskanlegget. Anlegget har hatt løyve til produksjon av 240 tonn biomasse (MTB), med vilkår om at utsleppa frå anlegget skulle reinsast innan 1. januar 2011.

I opphavleg søknad vart det søkt om eitt års utsetjing, til 31. desember 2011. Bakgrunnen for søknaden er at tilhøve som gjeld vasstilførsla til anlegget ikkje er ferdig avklart i høve til NVE, og at dette må avklarast før anlegget kan gjere sitt endelege val av reinseteknologi og starte opp med bygginga av reinseanlegget.

Nødvendige omleggingar i avløpssystemet vil krevje driftsstans utan produksjon i anlegget, og ein ønskjer å gjennomføre heile ombygginga av anlegget på ein gong, slik at påverknaden på produksjonen vert minst mogleg.

Vurderer å bygge nytt settefiskanlegg

Seinare søkte selskapet om at fristen vert utsett ytterlegare eitt år, til 31. desember 2012, ettersom ein no vurderer å bygge eit heilt nytt anlegg for settefisk i staden for å bygge om dagens anlegg. Noverande settefiskanlegg vil då verte avgrensa til eit klekkeri og yngelanlegg.

Settefiskanlegget har vore i drift sidan 1970-talet, og har hittil hatt ureinsa utslepp frå produksjonen. Kravet om reinsing av utsleppa til sjø, vart sett ved utvidinga av utsleppsløyvet i 2007.

– Dersom det vert bestemt å byggje heilt nytt settefiskanlegg med resirkulering, vil ein ha større moglegheit for ei god integrering av reinseløysingar enn ved ombygging av det noverande anlegget, skriv fylkesmannen i saksutgreiinga.

– Etablering av ei mellombels, kortvarig reinseløysing for det noverande anlegget, vil gje liten gevinst for miljøet i høve til kostnadane med ombygging, konkluderar fylkesmannen.

Gjølanger Settefisk AS har konsesjon for 2,4 millionar settefisk av laks og aure, men produksjonen ligg i dag på om lag det halve av dette.