Marine Harvest og Osland får utvide

Marine Harvest Norway AS og Osland Havbruk AS får løyve til å utvide lokalitetar.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjev Marine Harvest Norway AS løyve til å utvide på to lokalitetar i Hyllestad kommune, og Osland Havbruk AS løyve til å utvide på ein lokalitet i Høyanger kommune.

5460 tonn MTB på Bekksneset og Tveit

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve nytt utsleppsløyve etter ureiningslova til Marine Harvest Norway AS, dotterselskap av børsnoterte Marine Harvest ASA, som ønskjer å utvide sin matfiskproduksjon av laks på lokalitetane Bekksneset og Tveit i Hyllestad kommune.

Anlegget på Bekksneset hadde frå før løyve til produksjon av 3120 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB), og søkte om utviding til 5460 tonn MTB. Løyvet er gjeve med vilkår om mellom anna overvaking av miljøtilstanden i sjøresipienten.

Anlegget på Tveit hadde frå før løyve til produksjon av 2340 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB), og søkte om utviding til 5460 tonn MTB. Løyvet er gjeve med vilkår om mellom anna at det ikkje skal vere samtidig drift med nabolokaliteten Strandabotn, samt vilkår om overvaking av miljøtilstanden i sjøresipienten.

2340 tonn MTB på Eidesberget

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tidlegare i sommar gjeve nytt løyve etter ureiningslova til Osland Havbruk AS, som ønskjer å utvide sin matfiskproduksjon på lokaliteten Eidesberget i Høyanger kommune.

Anlegget hadde frå før løyve til produksjon av 1625 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB), og søkte om utviding til 2340 tonn MTB. Løyvet er gjeve med vilkår om mellom anna overvaking av miljøtilstanden i sjøresipienten.

Dei tre ovannemnde løyva etter ureiningslova, er berre gyldige saman med løyve etter akvakulturlova, som vert avgjort av Sogn og Fjordane fylkeskommune.