Ber publikum om hjelp

Fiskeridirektoratet ønskjer hjelp frå publikum til å kartlegge omfanget av rømt regnbogeaure i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fiskeridirektoratet har motteke meldingar om at det for tida vert fiska store mengder regnbogeaure med storleik på frå 1 til 3 kilo, på stong fleire stader i Sogn og Fjordane. No ber etatane om hjelp frå publikum.

Det skal vere observert store mengder oppdrettsfisk i enkelte fjordar - til dømes i Norddalsfjorden, Solheimsfjorden, Førdefjorden og Dalsfjorden.

Det er ikkje rapportert om rømmingstilfelle av regnbogeaure i Sogn og Fjordane sidan ei rømming i Gulen sist i juni, og det er uklart om observasjonane no skriv seg frå dette eller om det er urapportert rømming av fisk frå ein annan stad, opplyser Fiskeridirektoratet.

Fiskereglane som gjeld i sjøen i Sogn og Fjordane, avgrensar moglegheitene for oppfisking av laksefisk med garn, men Fylkesmannen kan gjere vedtak om unnatak frå reglane i spesielle tilfelle.

Fylkesmannen og Fiskeridirektoratet ynskjer no hjelp frå publikum til å få oversikt over omfanget av rømt regnbogeaure rundt om i fylket, slik at etatane kan sjå nærare på om det er område som er spesielt utsette og som eventuelt kan opnast for fritt fiske etter oppdrettsfisk.

Har du opplysingar til oss, ver venleg å kontakte Fiskeridirektoratet sin tips- og beredskapstelefon 03415 (døgnopen vaktsentral), oppmodar direktoratet.

Fiskeridirektoratet ynskjer også å vite kvar regnbogeauren er fiska, mengd og storleik på fisken (kg).