Norsk laks og tang på same fat

Salmon Group presenterte nyleg eit prøveprosjekt for samdrift mellom fisk og tang.

Salmon Group AS og Sulefisk AS deltok den 30. august i år på seminaret «Integrert akvakultur» på Runde Miljøsenter.

Seminaret tok føre seg potensialet som ligg i å drive oppdrett av fleire artar på den same lokaliteten, og Salmon Group presenterte eit prøveprosjekt som markerer ein heilt ny tankegang i norsk lakseoppdrett, samdrift mellom fisk og tang, skriv Salmon Group i ei pressemelding.

Prosjektet, som hausta stor interesse hos dei frammøtte, er eit samarbeid mellom Salmon Group, Sulefisk og det hollandske selskapet Hortimare.

Sistnemnde representerer den biologiske fagkunnskapen om algedyrking.

Ein vil gjennom forsøksutsett, avdekke potensialet for å nytte tang som eit biprodukt basert på næringssalta oppdrettsanlegg produserer på lokalitetane. Håpet er at ein skal dra nytte av desse stoffa, som i dag ikkje vert fanga opp, og samstundes utvikle nye produkt med kommersiell avsetnad, heiter det i pressemeldinga.

I Kina er oppdrett av algar stor butikk, og andre verdsdelar ser no på kva dei kan komme etter med. I Canada har Dr. Thierry Chopin sett i gang fullskala forsøk med algar og blåskjel rundt oppdrettslokalitetar. Chopin var tilstades på seminaret, og skapte mykje entusiasme rundt temaet.

Planlegg prøveutsett

Det vestnorske-hollandske prosjektet er i sin første fase, med eit planlagt prøveutsett i Solund denne hausten. Der er mange spørsmål knytt til ein framtidig fullskala produksjon av tang for den kommersielle marknaden, men med støtte frå Innovasjon Noreg, har dei tre samarbeidspartnarane bretta opp armane for eit felles løft.

– Med dette prosjektet ynskjer vi å vere i forkant, seier Jostein Kråkås, dagleg leiar i Sulefisk og styreformann i Salmon Group.

Ynsket er å kunne nyttiggjere seg av og skape verdiar rundt næringsstoff som i dag berre vert borte i havet kring lakseproduksjonen.

Der er eit stykke kartlegging å gjere for å få eit godt oversyn over marknaden for norskproduserte, oppdretta algeprodukt, men mange næringar står fram som potensielle kundar. Bioenergi er eit av bruksområda som vert undersøkt, og i den andre enden er konsumvare for menneske og dyr.

Mange algeartar er svært proteinrike, og produkta kan i framtida verte viktige næringskjelder for ein langt større del av verda enn dei er i dag.

Som ein forsmak fekk deltakarane på seminaret servert førsteklasses norsk laks med tilbehør laga av tang. Serveringa næra godt oppunder håpet om eit framtidig samspel mellom laksenæring og algeproduksjon, skriv Salmon Group i meldinga.

Relaterte artiklar:
Ønsker forskning på alger som biodrivstoff 16.04.2010