Styrkjer tilsyns- og kontrollarbeidet

Fiskeridirektoratet styrkjer tilsynet med oppdrett av laks og aure med vidare.

I desse dagar søkjer direktoratet etter fire nye medarbeidarar for tilsyn med akvakulturnæringa:

• Ein databaseutviklar, som kan lage og drifte ein tilsynsdatabase.
• Ein fagansvarleg for risikoanalyse.
• Ein fagansvarleg for inspeksjon, åstadgransking og bevissikring.
• Ein fagansvarleg for internkontrollrevisjon.

– Målet vårt er å hindre at fisk rømer, og vi arbeider både førebyggjande og i etterkant av hendingar, seier Henrik Hareide ved kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet, i ei pressemelding.

– Aukar innsatsen med viktig arbeid

Tilsynsgruppa for akvakultur arbeider mellom anna med å kontrollerer og dokumentere teknologiske løysingar for oppdrettsanlegg for laks og aure med vidare. Dei følgjer også opp rutinane til dei ulike bedriftene i akvakulturnæringa.

Akvakulturnæringa er viktig for sysselsettinga langs kysten og næringa skapar store eksportinntekter.

Det er om lag 25 personar som arbeider med tilsyn og kontroll med akvakultur i Fiskeridirektoratet sine regionar. I Bergen er det i dag fire personar som har som oppgåve å styre og utvikle arbeidet med tilsyn og kontroll.

– Vi er svært glade for å få på plass dei fire nye stillingane. Det betyr at vi kan auke innsatsen med tilsynsarbeidet. Med fire nye tilsette vil vi få ein viktig auka både i kompetanse og kapasitet, meiner Hareide.

Tidlegare i år vart tilsynet med akvakulturnæringa styrka med sju nye stillingar på direktoratet sine distriktskontor.

Styrka med 10 millionar kroner

Bevillinga til akvakulturtilsyn er styrka med 10 millionar kroner i 2010. Desse midlane er øyremerkt tilsyn og kontrolloppgåver og har finansiert sju ny stillingar i regionane, og skal no også finansiere dei fire nye stillingane i Fiskeridirektoratet sentralt.

Les også: Styrker tilsynet med oppdrett 03.03.2010