Truleg rømd laks i Sunndalsfjorden

Sunndalsfjorden «kokar» av laks, og mykje tyder på at fisken har rømt frå eit oppdrettsanlegg

Store mengder laks er dei siste dagane fiska heilt inn mot Sunndalsøra. Truleg er det tale om rømd oppdrettslaks.

– Bekymringa er at laksen vil gå opp i vassdrag og forstyrre dei svake bestandane av naturleg laks, seier seniorrådgjevar i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen, Trond Haukebø, til NRK Møre og Romsdal.

Laksen er merka med fettfinnen er klypt av, og det betyr at den truleg kjem frå eit oppdrettsanlegg i regionen, skriv nettstaden.

– Veit kvar den rømde laks kjem frå

Jan Erich Rønneberg, rådgjevar i Fiskeridirektoratet i Ålesund, seier dei har ein klar mistanke om kva for eit oppdrettsanlegg fisken kjem frå. Oppdrettarane må månadleg melde inn kor mykje fisk dei har på lokalitetane og storleiken på fisken, og storleiken på den rømde fisken samsvarer med storleiken på fisken hos ein av oppdrettarane.

– Basert på den informasjonen vi har fått inn, peikar det mot eit konkret anlegg. Vi har vore i kontakt med anlegget og dei dykkar no for andre gong for å leite etter eventuelle hol i merdane, seier Rønneberg til NRK Møre og Romsdal.

Rønneberg vurderar avstanden til næraste oppdrettsanlegg å vere 10 - 20 kilometer frå Hammarkaia i Sunndal, det no vert fiska store mengder laks, skriv Adresseavisen.

Rønneberg har no samla inn fisk som skal gentestast, for å finne ut kva for eit anlegg fisken kjem frå.