Rømming av torsk i Nordfjord

Fiskeridirektoratet vart i dag varsla om tap av om lag 20 000 torsk i Nordfjord.

Dette forklarer truleg meldingane om rømt oppdrettstorsk i området dei siste vekene, melder Fiskeridirektoratet.

Det er selskapet Norsk Marin Fisk AS som i dag varsla om tapet av fisken frå eit anlegg ved lokaliteten Isane i Nordfjord.

Røminga har truleg skjedd for om lag ein månad sidan. Selskapet melde i det tidsrommet frå om at fritidsfiskarar fiska oppdrettstorsk i eit område nær lokaliteten.

Les også: Rømmingstallene faller 01.10.2010

Dykkarinspeksjon

Selskapet hadde den gongen dykkarinspeksjon på anlegget, men skal ikkje har fått tilbakemelding om observasjonar av hol i nøtene eller reparasjonar.

Det vert no opplyst at det likevel har vore hol som vart reparert, men at dette ved eit mistak ikkje vart ført i dykkarrapporten.

Ønskjer framleis meldingar om oppdrettstorsk

– Opplysningane vi no har fått forklarer truleg meldingane om rømt oppdrettstorsk i området dei siste vekene. Fiskeridirektoratet er likevel framleis interessert i meldingar om oppdrettstorsk i Nordfjord, seier regiondirektør Hans Cato Haddal ved Fiskeridirektoratet region vest.

Meldingar kan sendast per e-post eller varslast på Fiskeridirektoratet sin døgnbemanna beredskapstelefon.

Les også: – Bruk beredskapstelefonen 19.10.2010