Eikremsvik sel til SalMar

SKODJE: Eikremsvik-familien sel oppdrettsselskapet AS Stettefisk til SalMar ASA.

Marius Eikremsvik starta med lakseoppdrett i Skodje i 1973, og vart ein av dei første oppdrettarane i landet. No er det slutt, skriv Sunnmørsposten.

– Mattilsynet gjer det umuleg å drive oppdrett, seier laksepionér Marius Eikremsvik.

AS Stettefisk har to konsesjonar for matfiskoppdrett av laks og aure. Den siste konsesjonen fekk dei kjøpt i konsesjonsrunden for vel eit år sidan. SalMar ASA som no overtek selskapet, kjøpte i sommar også RaumaGruppen sine oppdrettsanlegg.

– Dei har lova å drive vidare i Storfjorden, seier Eikremsvik til avisa. Han fortel at selskapet i år ligg an til å få eit historisk godt overskot på 10–15 millionar kroner av ein omsetnad på 33–34 millionar.

– Det går veldig bra for tida. Vi ville helst drive vidare, og pengane er underordna. Men det har diverre blitt altfor vanskeleg å vere ein liten aktør, opp mot byråkrati, og opp i mot drift, seier Eikremsvik.

Avgjerda om sal er utløyst av dei nye reglane for behandling mot lakselus. Frå årsskifte vert oppdrettarane pålagde å drive lusbehandling i tette system, og ikkje som i dag då dei kan bruke eit skjørt rundt merdane.

– For oss er det ikkje muleg å etterleve den nye luseføreskrifta, og dermed risikerer vi store tvangsbøter. Det nye regelverket er altfor firkanta, og altfor lite utprøvd. Og vi på vårt anlegg har god dokumentasjon på at skjørt er ein fullgod måte å gjere det på, seier Marius Eikremsvik til avisa.

AS Stettefisk har vore eigd av Marius Eikremsvik AS, eit selskap der Gry Eikremsvik sit med 99,91 prosent av aksjane, medan Marius Eikremsvik har 0,09 prosent av aksjane.