Dugnad duger ikkje mot rømt oppdrettsfisk Det offentlege må ta styringa og oppdrettarane må betale.
Det meiner regiondirektør Hans Haddal i Fiskeridirektoratet Region Vest. Han ynskjer eit offentleg styrt beredskapsapparat som kan handtere rømmingsepisodar gjenfangst etter rømmingane, på same vis som det offentlege styrer handteringa av forureiningsulykker, skriv Bergens Tidende.
– Skal du få til ei effektiv mobilisering og samordning av offentleg og privat innsats, så må du ha ei offentleg styring, hevdar Haddal.
Rekninga for gjenfangst av rømt laks eller annan fisk, må sendast til den ansvarleg for hendinga, meiner Haddal.
– Ut frå prinsippa i miljøretten om at forureinar skal betale, bør oppdrettaren betaler når ting går gale, meiner Haddal.
Forskar Øystein Skaala ved Havforskingsinstituttet er samd med Haddal i at det offentlege bør ta styringa over gjenfangst av rømt fisk.
– Vi har ei offentleg forvaltning av dei marine ressursane og av kystsona, og det er meiningslaust å overlate til lokale industriselskap og lokale organisasjonar å drive den forvaltninga, seier Skaala.
– Når fisken rømmer, så er det ein stor del som dykkar umiddelbart, seier Skaala. Han fortel at fisken så spreier seg over fleire kvadratmil i løpet av nokre dagar. Då er den vanskeleg å fange.
Skaala legg vekt på at det viktigaste er å hindre at rømt oppdrettslaks går opp i elvane og gyt. Han meiner at det er i elvane at rømt fisk kan og må stoppast.
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) vil ikkje kommentere framlegget frå Haddal.
– Vi meiner det er vanskeleg å kommentere enkeltpersonar sine utspel og tankar. Vil held oss til Fiskeridirektoratet som institusjon og det regelverket det forvaltar, seier Aina Valland, direktør for miljø i FHL, til avisa.