Bonde slapp 100.000 liter møk i elv

OSTERØY: Ein bonde må betale 30.000 kroner i bot etter at 100.000 liter kuskit vart pumpa ut i Loneelva ved eit uhell.

Det var i påskehelga at ein tømmeslange frå ein tank fylt med gjødsel og gylle låg usikra og slapp store mengder gjødsel ut i terrenget med avrenning Loneelva. Til samen 100.000 liter gjødsel hamna i lakseelva.

Saka vart meld til politiet av Lonevåg sportsfiskarlag, og tidlegare i haust fekk bonden sin straff: Ei bot på 30.000 kroner, alternativt 15 dagar i fengsel, for brot på forureiningslova ved uaktsamt å ha sett i verk noko som kan føra til ulovleg forureining, melder Bygdanytt. Politiet meiner at slangen ikkje var godt nok sikra.

«På grunn av manglende sikring av en tømmeslange som hadde frosset fast og som senere fungerte som en hevert, ble det sluppet ut ca. 100.000 liter gjødsel/gylle frå tank til terreng», heiter det i førelegget frå politimeisteren i Hordaland.

Bonden har gitt utrykk for at det var eit uhell.

– Eg har brukt 500.000 kroner på tiltak som skal hindra utslepp, og slike ting som dette skal ikkje skje, fortalde han til avisa etter uhellet i vår. Han har no vedteke bota.

Frykta stor fiskedød

Lonevåg sportsfiskarlag fekk melding om utsleppa den 4. april i år. I tida etter utsleppet frykta dei at fleire generasjonar med laks i elva kunne ha døydd grunna surstoffmangel. Det er enno usikkert kor store konsekvensar forureininga fekk for fisken, men leiaren i sportsfiskarlaget seier det er bra at det kom ei straff, skriv avisa.

– Det er viktig, slik at ein viser for alle bønder som held til langs elva at det gjeld å vera på hogget når det gjeld tryggleik og forureining, slik at vi kan unngå slike ting i framtida, seier han.

Landbrukssjef i Osterøy kommune, Lars Johan Fjelde, seier seg samd i det.

– Dette viser at politiet tar desse tinga på alvor, og det synest eg er bra. Lonevassdraget er ei viktig elv med ei eiga og levande laksestamme, noko som ikkje er sjølvsagt i dag.