Bekymra for leppefisken

Forskarar ved Havforskingsinstituttet er bekymra over det aukande fisket av leppefisk til bruk i oppdrett.

Til no i år er det fanga 390 tonn leppefisk. Dersom vektfordelinga på årets fangst er lik fjorårets fordeling, har heile 16 millionar leppefisk blitt fanga for å bli brukt som reinsefisk i oppdrettsanlegg. Desse tala bekymrar forskarane, melder Havforskingsinstituttet.

– Vi har ikkje nok data til å kunne seie noko om kor stor bestanden av leppefisk er, og kor mykje fangst den tåler. Talet på fisk varierer veldig over små avstandar, noko som gjer berekningane endå vanskelegare. I tillegg er det store forskjellar mellom artane, og det ser ut som om talet på leppefisk varierer ein del frå år til år, seier forskar Anne Berit Skiftesvik ved Havforskingsinstituttet.

Leppefisk vert nytta som reinsefisk, til avlusing av laks i oppdrettsanlegg.

Les også: Tjener godt på leppefisk 29.10.2010

Forskar på leppefisk

I fleire år er det drive forsking på oppdrett av leppefisk ved Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon på Austevoll. Instituttet samarbeider òg med fleire private aktørar om slik forsking. Tidlegare er det også gjennomført merkeforsøk som kan vise kor stasjonære leppefiskane er, og det er samla inn vekstdata frå ulike stader i landet. Desse skal no analyserast nærare.

Sidan fisket etter leppefisk, og dermed kunnskapsbehovet om bestandane aukar, vil all kunnskap og alle data som er samla inn om dei ulike artane, bli samla og gjennomgått for å auke kunnskapen om dei forskjellige leppefiskbestandane, opplyser instituttet.

Kan ha lokale bestandar

To av artane som blir brukt som reinsefisk, berggylt og grøngylt, har fastsitjande egg. Det kan føre til at dei ikkje spreiar seg like mykje som fisk som har egg som flyt rundt med straumane.

Vidare bør det undersøkast nærare kor grensene mellom forskjellige bestandar går og kor lokale bestandane er. Det er viktig å få betre oversikt over dei ulike bestandane med leppefisk, og ein treng mellom anna meir kunnskap om kvar dei forskjellige artane trivst og kva alderssamansetning bestandane har, meiner forskarar ved Havforskingsinstituttet.

Samarbeider med fiskarar

Vill leppefisk har vorte registrert i dei årlege strandnottrekka som vert utførte av forskingsstasjonen vår i Flødevigen. Det er også gjort registreringar av leppefisk når den har blitt fanga som «bifangst» i samband med hummarundersøkingar langs kysten og i andre kystundersøkingar. Forskarane har òg tilgang på ein del øyresteinar (otolittar) som kan gje kunnskap om alder og vekst, men desse kjem frå eit avgrensa område. Havforskingsinstituttet samarbeider med nokre fiskarar om innsamling av data, og forskarane håpar å få til tilsvarande samarbeid med fleire fiskarar.

Velferd

Også velferd hos dei ulike artane som vert fanga må undersøkast, både når det gjeld tida frå den vert fanga i ruse eller teine til den kjem opp i merdane, og kva som skjer i merdane, meiner Havforskingsinstituttet. Alle artane er meir sårbare og toler mindre i gyteperioden enn elles i året.