Aukar MTB-grensa i nord

Regjeringa vil i 2011 auke maksimalt tillaten biomasse i anlegg for oppdrett av laks og aure i Finnmark og Troms med 5 prosent.

– Lusenivåa i Finnmark og Troms er svært låge, og det er heller ikkje resistensproblem i desse fylka. Derfor ønskjer regjeringa å leggje til rette for 5 prosent generell auke i maksimalt tillaten biomasse (MTB) for lakse- og aureoppdrett i desse fylka, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Avgjerda er tatt på grunnlag av vurderingar frå Mattilsynet.

– Havbruksnæringa er ei viktig næring for Noreg, og regjeringa vil leggje til rette for vekst i havbruksnæringa, så lenge veksten er innanfor berekraftige rammer. I Troms og Finnmark er lusenivået langt under grensa, og resistens er ikkje påvist. Kapasitetsauken kan bidra til verdiskaping langs kysten av dei to nordlegaste fylka, seier Berg-Hansen.

Ikkje auke i Nordland og Sør-Noreg

– På grunn av dagens lusenivå og resistensutvikling blir det ikkje generell kapasitetsauke i form av auka MTB (maksimalt tillaten biomasse) i lakse- og aureoppdrett i Sør-Noreg og Nordland no. Ein slik auke blir ikkje realisert før lusenivåa er innanfor dei grensene styresmaktene har sett, resistensutviklinga er under kontroll, og tiltaka som er sett i verk har vist effekt, seier fiskeri- og kystministeren.

– Det vil i 2012 bli gjort ei ny vurdering av spørsmålet om kapasitetsauke, seier Berg-Hansen.

Vederlaget for 5 prosent auka kapasitet er sett til 150.000 kroner i Finnmark og 500.000 kroner i Troms. Framlegget inneber ein samla kapasitetsauke i landet på om lag 1 prosent.

– Viktig avklaring

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) ser det som viktig både for marknaden og for oppdrettarane at produksjons- og rammevilkåre no vert avklara.

Les også: – Viktig avklaring om rammevilkår 05.11.2010

WWF Norge trudde på vekststopp

Naturverorganisasjonen WWF Norge hevda for vel ei veke sidan å ha fått lovnad frå Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen om at det ikkje blir vekst i oppdrettsnæringa før den er berekraftig ut frå miljøomsyn. Det tolka WWF Norge dit hen at det ikkje ville bli aktuelt med vekst før om fleire år.

– Det vil ta minst tre år, hevda generalsekretær Rasmus Hansson i WWF Norge.

Men berre vel ei veke seinare, har regjeringa i dag gjeve grønt lys for både utviding med 5 prosent i nord og fire heilt nye laksekonsesjonar.

Les også: Tildeler fire laksekonsesjoner 05.11.2010

Les også: – Tre års vekststopp for oppdrett 27.10.2010