K. Strømmen får utvide lokalitet

BREMANGER: K. Strømmen Lakseoppdrett AS får utvide til 3120 tonn MTB på lokaliteten Marøy NØ.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve nytt løyve etter ureiningslova til K. Strømmen Lakseoppdrett AS, som ønskjer å utvide sin matfiskproduksjon på lokaliteten Marøy NØ i Bremanger kommune.

Anlegget hadde frå før løyve til produksjon av 1560 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB) av laks of aure, og søkte om utviding til 3120 tonn MTB. Løyvet er gjeve med vilkår om mellom anna overvaking av miljøtilstanden i sjøresipienten.

Løyvet er utferda som eit oversendingsdokument med grunngjeving og omtale av saka, og eit løyvedokument med dei juridisk bindande vilkåra som gjeld for drifta i høve til ureiningslova.

Løyvet etter ureiningslova er berre gyldig saman med løyve etter akvakulturlova, dette vart gjeve av Sogn og Fjordane fylkeskommune 28.10.2010.