Vellykka oppdrett av leppefisk

Etter fleire års arbeid har forskarar ved Havforskingsinstituttet funne ein metode for oppdrett av berggylte.

Berggylta blir beiteklar i løpet av eit år etter klekking, og i dei beste gruppene har det vore svært god overleving frå egg til yngel. No er oppdretta leppefisk sett ut i ei merd med laks, der den skal gjere nytte som «luse-etar», melder Havforskingsinstituttet.

Berggylta kan settast ut i merd saman med smolten slik at artane veks seg større saman. Dersom ein får til oppdrett av leppefisk i stor skala, blir det eit viktig bidrag i kampen mot lakselus, samstundes som ein kan redusere fisket på ville bestandar av leppefisk.

– Fram til no har all leppefisk som er brukt i laksemerdar blitt fanga langs kysten, utan at ein har oversikt over korleis bestandar er inndelte geografisk og kva dei toler. Interessa for å bruke leppefisk har auka raskare enn utfordringane med lakselus. Nye tall viser at det sannsynlegvis er fanga 16 millionar leppefisk til no i år, og det er usikkert korleis dette påverkar bestandane, seier forskar Anne Berit Skiftesvik.

Les også: Bekymra for leppefisken 05.11.2010

Plukka fleire hundre lakselus

Nyleg er oppdretta berggylte frå Havforskingsinstituttet sett ut i ein laksemerd hos Villa Miljølaks på Vestnes i Møre og Romsdal. Dei har ein FoU-konsesjon, og har vore med på å utvikle produksjonsmetoden.

– I feltforsøk har vi oppnådd like gode resultat med bruk av leppefisk, som med gjentekne behandlingar med kjemikaliar eller medisinar. På det meste er det funne 70 lus i magen i gjennomsnitt hos berggylte i våre oppdrettsnøter. Dei mest effektive berggyltene har hatt fleire hundre lus i magen, fortel Per Gunnar Kvenseth hos Villa Miljølaks.

Brukt på rett måte, kan leppefisk hjelpe oppdrettarane med å halde lakselusa under kontroll i heile produksjonsprosessen. Dermed minkar behovet for kjemikaliar og medisinar mot lakselus, og ein unngår til dømes problem med at lakselusa vert resistent mot stoffa som vert brukte til avlusing.

Klekt i Austevoll

Oppdrettsberggyltene som no er sett ut i merd, vart klekt på Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Austevoll i 2008. No har dei blitt 13 – 15 cm, og er dyktige luseetarar.

I 2009 blei det gjort testar i kar på land for å undersøke om dei oppdretta berggyltene ville ete lus på linje med ville fiskar. Det tok bare eit par dagar før lusebeitinga var i full gang og talet på lus gjekk nedover. Det er berggylte frå same generasjon som no blir testa ut i merden.

Snart eigenprodusert stamfisk

Det er produsert fleire årsklasser av leppefisk ved stasjonen på Austevoll.

– Allereie komande gytesesong forventar vi å få egg av eigenprodusert stamfisk, fortel Anne Berit Skiftesvik.

Prosjektet har vore støtta av Noregs forskingsråd og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond.