DNA-analyse ga ingen klare svar

FLORA: DNA-analyse ga ikkje klare svar om kvar den rømde regnbogeauren kjem frå, og det vil koste for mykje å ta prøver av fisk frå alle dei aktuelle lokalitetane i området.

Havforskingsinstituttet meiner det vert for kostnadskrevjande å fastslå om regnbogeauren som vart teken i Flora kommune, kjem frå røminga som er meld frå Firda Sjøfarmer AS sin lokalitet ved Leiholmane i Gulen.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fiskeridirektoratet, mottok tidlegare i haust meldingar om at det vart fiska store mengder regnbogeaure med storleik på frå 1 til 3 kilo, på stong fleire stader i Sogn og Fjordane. Dei ønskte hjelp frå publikum til å kartlegge omfanget av rømd fisk.

Les også: Ber publikum om hjelp 26.08.2010

I samband med innsamling og testing av DNA frå regnbogeaure frå Osenvassdraget i Flora kommune, opp mot regnbogeaure frå Firda Sjøfarmer AS sin lokalitet ved Leiholmane i Gulen kommune, kan Havforskingsinstituttet ikkje utelukke at den rømde regnbogeauren kjem frå denne kjelda, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Men for å kunne fastslå dette med sikkerheit, må ein ta prøvar frå alle aktuelle lokalitetar i området, sidan det berre er gjennom utelukking ein i denne samanheng kan kome fram til eit sikkert resultat.

Slik prøvetaking er noko Havforskingsinstituttet vurderar som for kostnads- og ressurskrevjande i denne situasjonen, opplyser Fiskeridirektoratet.

I Osenvassdraget vart det i denne perioden også fangsta noko regnbogeaure på kring 800 gram, med ukjend kjelde. Desse er det ikkje teke DNA prøvar av, mellom anna fordi det var fangsta eit for lite tal til å kunna gjennomføre slike testar.