Fleire lokalitetar ved samlokalisering

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår å gjere endringar i laksetildelingsforskrifta.

Fiskeri- og kystdepartementet fastsette i desember 2009 ei ordning med interregionalt biomassetak (IRBT) i akvakulturdriftsforskrifta § 48 a. Interregionalt biomassetak gir verksemder som har løyve til å drive akvakultur i to naboregionar, på visse vilkår, høve til å leggje saman biomassetaket i dei to regionane.

Les også: Tillater interregionale biomassetak 07.01.2010

Klarere to ekstra lokalitetar

Forskrift om løyve til akvakultur for laks, aure og regnbogeaure (laksetildelingsforskrifta), set grenser for kor mange lokalitetar som kan knytast til eitt løyve, og som følgje av dette oppnår ein ikkje ønska effekt av ordninga med IRBT, konstaterar departementet.

Departementet foreslår no å endre laksetildelingsforskrifta, slik at verksemder med interregionalt biomassetak, kan klarere to ekstra lokalitetar til eit løyve.

Departementet har no sendt forslaget på høyring. Høyringsfristen er sett til 13. desember.

Les meir: Departementet si samleside om høyringa

Bakgrunn

Interregionalt biomassetak

Akvakulturløyve blir fordelt geografisk, og er knytt til ein av Fiskeridirektoratets regionar, jf. laksetildelingsforskrifta § 33. Hovudregelen er at eit løyve skal nyttast i den regionen det er knytt til. Det vil seie at det skal klarerast for lokalitetar i same region. Formålet med IRBT er å gje auka fleksibilitet over regionsgrensa, sikre stabil råstofftilgang for foredlinga og stimulere til lokal foredling.

Verksemder som har alle lokalitetane sine i ein region har høve til å fordele drifta mellom lokalitetane, med vekselbruk og brakklegging. Ved innføring av IRBT har verksemder med mykje foredling som driv i to naboregionar fått same høve på tvers av regionsgrensa. Produksjonsmessig skal regionane sjåast under eitt, og den relative ulempa det er å drive i to regionar blir utlikna. Pr. i dag er det gjort seks vedtak om IRBT, ytterlegare ein søknad blir vurdert av Fiskeridirektoratet.

Talet på lokalitetar per løyve er avgrensa

I følgje laksetildelingsforskrifta § 34 1. ledd jf. 2. ledd kan det berre knytast fire lokalitetar til eit akvakulturløyve, eventuelt seks lokalitetar dersom fleire løyve er klarerte for same lokalitet. Føresegna vart gitt for å hindre unødig arealbeslag. Denne regelen fører til at verksemder som har løyve til interregionalt biomassetak likevel ikkje fullt ut kan utnytte det interregionale biomassetaket, og ein oppnår ikkje tilsikta fleksibilitet.

Nærmare om forslaget

Departementet foreslår å auke tillete tal på lokalitetar ved samlokalisering frå seks til åtte for verksemder som har løyve til IRBT. Det er særleg ved samlokalisering verksemder som driv på tvers av ei regionsgrense møter ekstra utfordringar. Samlokalisering føregår ved at eksisterande lokalitetar blir klarert til same løyvet, og inneber verken fleire lokalitetar totalt i næringa eller for den enkelte oppdrettar. Ei slik justering vil gje dei aktuelle verksemdene som har lokalitetar og løyve i to regionar auka fleksibilitet utan store endringar i regelverk og struktur i næringa. Det er sett ned eit utval som skal vurdere blant anna arealstruktur i havbruksnæringa. Det er ikkje ønskjeleg å setje i verk større endringar før vi ser forslaga til arealutvalet. Likevel er det eit behov for å auke fleksibiliteten for verksemder som innvilga interregionalt biomassetak. Sidan dette kan gjerast med små endringar utan særlege konsekvensar foreslår vi denne endringa no.

Økonomiske og administrative konsekvensar av forslaget

Forslaget inneber ei lita endring av dagens regelverk. Seks selskap har i dag løyve til interregionalt biomassetak, og ein søknad er under handsaming. Fleire lokalitetar per løyve kan forenkle drifta for aktørar i næringa. Det er ein liten risiko for ein meir kompleks kontrollsituasjon for forvaltninga, ved at aktørar tilpassar drifta for å kunne søkje om interregionalt biomassetak. Endringa legg likevel til rette for å oppnå den ønskte effekten av interregionalt biomassetak samstundes som det er få ulemper.

Kjelde: Fiskeri- og kystdepartementet