Få overskridingar i oppdrettsfôr

Overvaking av framandstoff i oppdrettsfôr samla inn i 2008 og 2009, viser for det meste gode tilhøve.

Det vart stort sett ikkje funne overskridingar av gjeldande EUs øvre grenseverdiar der slike eksisterar, med nokre få unntak, blant anna for arsen, melder Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).

Overvakinga av ulike stoff i fiskefôr og råstoff til fiskefôr er nødvendig for å ha kontroll over heile produksjonskjeda for oppdrettsfisk. Fôret skal stette fisken sine behov for god helse, og overvakning er viktig for å kunna seie noko om fôrtryggleiken.

– Sidan oppdrettsfisk får fôr i frå relativt få kjelder, og fiskefileten sin samansetning med omsyn til næringsstoff og framandstoff er påverka av fôret, er ei omfattande overvaking av fôret til fisken saman med oppdrettsfisken sin filet, nødvendig for å gi ei god oversikt over mattryggleiken. Data frå slik overvaking er også nødvendig for å kunne gjennomføre gode risikovurderingar knytte til oppdrettsfisk, skriv NIFES.

Resultata for prøvar samla inn i 2008/2009

Innhaldet i fôr av forbodne fôrmidlar, tilsetningsstoff, utvalte bakteriar, soppgifter, utvalde legemidlar, plantevernmidlar, dioksin, PCB og ulike metall vert kartlagt. Totalt vart det i 2008 teke ut og analysert 359 prøvar av fôr eller fôrråstoff. Alle prøvane er ikkje analysert for alle stoff, men det er store skilnader i kor mange av prøvane som er analysert for dei ulike framandstoffa. På grunn av kutt i budsjett vart tal på prøvar redusert til 25 i 2009. I staden vart dei relativt få prøvane som vart teke ut i 2009 analysert på fleire parametrar.

Tal frå 2008 og 2009 viser at det ikkje vart funne overskridingar av EU sine øvre grenseverdiar der slike eksisterer, for organiske miljøgifter inklusive sum dioksin, dioksinliknande PCB og pesticid.

Det var framleis nokre få overskridingar for stoffet arsen. Grenseverdien for arsen i fôr er no heva då forsking viste at det var trygt for både fisk og forbrukar.

Ut i frå dagens grense på arsen i fôr, var det ingen overskridingar av grenseverdien.

Det vart også funne overskriding på kvikksølv for 2008 på to fôrprøvar, men også her har regelverket no endra seg og det var ingen overskridingar i 2009.

Om fôrovervakinga

Fôr og fôrråvarer kan innehalde uønska stoff som igjen kan ha negativ effekt på fisken sjølv, på fisken som mat til menneske eller som ureining i miljø. Overvakingsprogrammet for fiskefôr gjev datagrunnlag for å kunne forvalte desse områda. NIFES driv overvaking av innhaldet av framandstoff i fôr og fôrråvarer til fisk og andre akvatiske dyr på oppdrag frå Mattilsynet.

Overvakningsprogrammet for fôr har vore i gang sidan slutten av 90-talet og famnar relativt breitt. Programmet har særleg fokus på analysar av stoff som kan ha betyding for mattryggleiken. Området er lovregulert med øvre grenseverdiar for ei rad stoff. Noreg og EU sine øvre grenseverdiar er harmonisert med omsyn på forbindelsane omtala i rapporten.

Kjelde: NIFES