Undersøkjer avkom av rømd laks

Havforskingsinstituttet undersøkjer overlevinga til avkom av rømd oppdrettslaks og hybridar.

Sist vinter vart det sett ut 106 000 augerogn av villaks, oppdrettslaks og krysningar mellom desse i Guddalselva i Hardanger.

Målet er å sjå korleis avkom etter rømt oppdrettslaks klarar seg i naturen, og dermed få betre svar på kva langsiktig påverknad rømt oppdrettslaks har, melder Havforskingsinstituttet.

Når naturen har gått sin gang, og rogna har blitt til smolt som vandrar ut av elva, blir dei samla opp av den automatiske smoltfangaren ved feltstasjonen som Havforskingsinstituttet har i Guddalselva. Der blir dei talt og vegde, og det blir tatt DNA-prøve før dei får symje ut i Hardangerfjorden og vidare til Norskehavet på beiting.

I tillegg vert dei fettfinneklipt slik at det blir enklare å registrere dei når dei kjem tilbake. Omtrent all fisk som sym opp i lakseelvar i Hardanger vert registrert, dermed kan ein plukke ut all laks som er fettfinneklipt. Slik unngår ein at avkomet til oppdrettsfisk og kryssingar kjem opp til gyteplassane.

Les også: Undersøker villtorsk i Skjerstadfjorden 22.11.2010

Avgjer langtidspåverknaden

– DNA-prøven går vidare til familietesting slik at vi veit kor mange individ som har overlevd av kvar familie, kor godt dei har vakse og kva tid dei ulike familiane smoltifiserer og vandrar ut. Så langt vi veit, fins det ikkje eit tilsvarande presist datasett på overleving i naturen nokon annan stad, fortel Øystein Skaala som er prosjektleiar og forskar ved Havforskingsinstituttet. Kor god overleving avkomet av oppdrettslaks har, og likeins avkomet av kryssingar mellom oppdrettslaks og villaks, er viktig i diskusjonen om korleis rømt oppdrettslaks påverkar ville laksebestandar på sikt.

– Feltstasjon viktig

Å finne ut kor stor overleving avkom av oppdrettslaks har i sjøen samanlikna med avkom etter villaks, er viktig for både fiskeriforvaltinga og for forvaltinga av villaksen. Undersøkingane krev brei kompetanse på bl.a. anna feltbiologi, populasjonsdynamikk hos laksefisk, diettval hos lakseungar, teknologi for rognplanting, mannskap til innsamling av vill foreldrefisk, fasilitetar for inkubering av laksefamiliar forutan kompetanse på DNA-basert identifisering. Frå før er det gjennomført to tilsvarande studiar andre stadar, men det som Havforskingsinstituttet er godt i gang med no, er meir omfattande enn dei to tidlegare forsøka.

– Heile forsøket kviler på at ein har ein feltstasjon i eit vassdrag der forsøket kan gjennomførast, slik Havforskingsinstituttet har i Guddalselva. Sidan forsøket går i eit naturleg elvesystem, går sjølvsagt veksten hos lakseungane seinare enn i eit smoltanlegg og forsøket tar tid. Likevel har vi alt komplette datasett for tre utplanta årsklassar som er ferdigstilte og skal rapporterast i 2011. Vi er også opptekne av å undersøkja korleis dei ulike gruppene og familiane overlever i havet. Difor produserer vi smolt på forskingsstasjonen i Matre frå dei same familiegruppene. Desse skal etter planen merkjast og sleppast ut frå feltstasjonen i Guddalselva til våren, fortel Øystein Skaala.

Ein stor ukjend faktor

Det er mange som arbeider med å modellera kva påverknad rømt oppdrettsfisk har på villfisk, og den store ukjente faktoren i desse modellane har alltid vore overlevinga til avkomet av rømlingar og til hybridane mellom rømlingar og villaks.

– Med slike data som vi får frå forsøka i Guddalselva er vi langt betre rusta til å seie noko om korleis rømt oppdrettslaks påverkar villaksen og ikkje minst kor fort det går, seier Øystein Skaala.