Framleis surt for laksen

NIVA har gått gjennom tilgjengelege data for vasskjemi og biologi og utarbeida reviderte kalkingsplanar for Guddalsvassdraget og Høyangervassdraget i Sogn og Fjordane.

I Guddalsvassdraget vart omfattande kalkingstiltak sett i verk i 1997/1998. Sidan den gang har det vore ein positiv utvikling i laksebestanden og botnfaunaen.

Sure sidevassdrag i nedre del utgjer no den største vasskjemiske trusselen mot laks og sjøaure, og sikring av god vasskjemi i desse sidegreinene er viktig. Dette kan gjerast gjennom terrengkalking eller kontinuerlig dosering av kalk eller silikatlut, konkluderar NIVA.

I Høyangervassdraget har forsuring vore eit problem for laksebestanden i mange år. Bygging av nytt kraftverk i Eriksdalen vil gi høgare vassføring og potensielt betre høve for gyting og smoltproduksjon.

For å utnytte denne kapasiteten vert det tilrådd å kalke vatnet frå det nye kraftverket og å vidareføre pågåande kalkingsaktivitetar i sidelaup, skriv NIVA.