Avslag for Hauken/Selstad kraftverk

GAULAR: NVE seier nei til bygging av Hauken/Selstad kraftverk i Gaularvassdraget i Sogn og Fjordane.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulempar for allmenne interesser.

Hauken/Selstad Kraft AS har søkt om løyve til å bygge Hauken/Selstad kraftverk i hovudelva i Gaularvassdraget. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på rett under 1 MW som vil gje ein årleg produksjon på om lag 8,3 GWh. Produksjonen svarar til ein årleg straumbruk til rundt 415 husstandar.

Laksevassdrag

Gaularvassdraget er verna mot kraftutbygging og kategorisert som eit viktig type- og referansevassdrag. Vassdraget er òg klassifisert som nasjonalt laksevassdrag.

Kraftverket er planlagt i hovudstrengen av vassdraget. Inntaket til kraftverket er planlagt i Haukevatnet ovanfor Fossfossen. Fossfossen, eit viktig landskapselement i vassdraget, vil til tider få ei redusert vassføring. Elva er lakseførande på heile utbyggingsstrekninga på 1,2 km, og ungfisk av laks vil bli påverka av prosjektet. Ei redusert vassføringa i elva vil òg påverke ei bekkekløft som er vurdert som «svært viktig» for biologisk mangfald, meiner NVE.

NVE meiner at dei negative verknadene for Gaularvassdraget som verna vassdrag, type- og referansevassdrag og nasjonalt laksevassdrag er større enn nytta ved auka kraftproduksjon og andre positive effektar av ei utbygging. Etter NVE sitt syn er det heller ikkje mogleg å bøte på verknadene med tiltak.

NVE vurderar at ei utbygging ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Hauken/Selstad kraftverk.