– Auka innsats mot lakselus

Vestnorsk havbrukslag tek utfordringane med lakselus.

– I 2011 skal vi bli betre både på planlegging og samarbeid i kampen mot lakselusa, seier Paul Negård i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL).

Rundt 80 frammøtte, frå Romsdal i nord til Agder i sør, var ivrige deltakarar då Vestnorsk havbrukslag, FHL sitt regionlag Vestlandet, samla medlemmane til julemøte i Bergen. Lus og behandling mot lus var tema for årets møte, melder FHL.

– Det er kanskje litt snodig at me har eit slikt tema for vår samling, men det er den største utfordringa vi har akkurat no. Ingen skal hevde at me ikkje tek lusa på alvor, sa leiar Sveinung Sandvik under opninga torsdag.

Samarbeid

Utstyrsleverandørar, styresmakter og medlemmane veksla mellom å dele erfaring frå arbeidet i 2010.

– Det er ingen tvil om at vi kan bli enno betre både på planlegging og koordinering, sa Paul Negård, leiar av prosjektet «Lusalaus» på Vestlandet som har stor tru på økt samarbeid.

– Så langt har vi hausta nyttig erfaring. Vi kan bli flinkare til å samarbeide, men eg har stor tru på at det er mogeleg, fortalde Negård.

– Luseutfordringa er ikkje løyst over natta. Men med slike møter som vi har her og ikkje minst auka innsats, vil vi lukkast enno betre neste år. Det er eg sikker på, sa Negård.

Les også: Lusenivået litt opp i oktober 22.11.2010
Les også:
Tar fortsatt krafttak mot lakselus 22.10.2010

Meir teknologi

Berre i løpet av 2010 vil det bli brukt nærmare ein milliard kroner i kampen mot lakselus. Julemøtet i Bergen presenterte og nye metodar i kampen mot lusa.

– Det er stadig aktørar som forskar fram nye løysingar. Dessutan blir dei eksisterande stadig betre. Målretta arbeid viser heilt klart at det er mogeleg å redusere mengda lus, seier teknologisjef i Marine Harvest, Cato Lyngøy.