Nei til kraftverk i Namsenvassdraget

OVERHALLA: NVE seier nei til bygging av Vesteråa kraftverk og Elvaaen kraftverk i to sideelvar til Namsen i Nord-Trøndelag.

Namsen vart i St.prp. nr. 32 (2006-2007), Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder vedteke som nasjonalt laksevassdrag.

Laksevassdrag

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner at bygging av Vesteråa kraftverk og Elvaaen kraftverk er i strid med gjeldande beskyttelsesregime for laks i nasjonale laksevassdrag.

– Dette fordi dei vil føre til betydeleg endring av naturleg vassføring og vandringsforhold, noko som er av negativ betyding for laksebestanden i vassdraget, fastslår NVE.

Prosjekta kan difor ikkje gjennomførast, meiner NVE, som har avslått desse utan ytterlegare sakshandsaming.