Løyve til Sævareid Fiskeanlegg

FUSA: NVE gjev Sævareid Fiskeanlegg AS løyve til vassuttak og regulering for smoltproduksjon, frå Henangervatnet i Hordaland.

Sævareid Fiskeanlegg AS får løyve til vassuttak og regulering av Henangervatnet til settefiskanlegget ved Sævareid.

Løyvet vil gje grunnlag for å utvide drifta ved settefiskanlegget og gje ei sikrare vassforsyning til bedrifta. Vassuttaket skal ikkje vere større enn 300 m3/min. Gjennomsnittleg vassuttak over året skal ikkje vere større enn 200 m3/min og det skal til einkvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket, skriv Norges- vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.

Tiltaket skal hovudsakleg formalisere dagens praksis og dei fleste tekniske inngrepa er allereie etablert.

Det skal leggjast nye røyr ut i Henangervatnet for å betre forholda for smolten i anlegget, og for å kunne redusere vassbruken i tørre periodar.

Med mellom anna desse vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser.