Løyve til Marine Harvest

FLEKKEFJORD: NVE gjev Marine Harvest løyve til vassuttak og regulering for smoltproduksjon, frå Fjellsåvassdraget i Vest-Agder.

Marine Harvest Norway AS avd. Fjellsæ får løyve til regulering av Langevatna, Skålavatnet og vassuttak frå Fjellsåvassdraget til settefiskanlegget ved Fjellsæ.

Løyvet vil gje grunnlag for å utvide drifta ved settefiskanlegget og gje ei sikrare vassforsyning til bedrifta, skriv Norges- vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.

Reguleringane og vassuttaket er ei formalisering av dagens praksis.

Vassuttaket skal ikkje vere større enn 30 m3/min og skal ikkje overstige 18 m3/min gjennomsnittleg vassuttak over året. Det skal til einkvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket.

Frå Langevatnet Kvannvik skal det av omsyn til fisk sleppast ei minstevassføring tilsvarande 20 liter i sekundet heile året.

Med mellom anna desse vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser.