I full produksjon etter brann

SUND: Sekkingstad AS på Skaganeset produserer for fullt etter brannen måndag.

– Det kunne gått mykje verre, seier administrerande direktør, Bård Sekkingstad, til Vestnytt.

Sekkingstad slaktar og foredlar laks i Sund kommune på Sotra, og det var om lag 40 tilsette på jobb då det om kvelden, måndag 13. desember, byrja å brenne. Brannvesenet fekk melding om brannen like før klokka 19.00.

– Det ser ut til at brannen har starta enten på eit møterom eller i eit ventilasjonsrom i andre etasje, seier Sekkingstad.

Han er glad for at varslingssystemet og overrislingsanlegget virka akkurat som dei skulle, og rosar produksjonsleiar Kai Nilsen for å ha gjort alt riktig i situasjonen som oppstod. Då politi og brannvesen kom til plassen, hadde dei tilsette alt starta slukkingsarbeidet.

– Då vi kom fram, var det ein flammebrann på ein del av taket som ligg ved ventilasjonsanlegget, seier vakthavande brannsjef Svein Olaf Drageland i Sotra brannvern. Klokka 21.10 var brannen meldt sløkt.

Bedrifta hadde 8-10 tonn fisk i systemet då brannen starta.

– Vi hadde fått det over i kjølesystemet, så all fisken i systemet blei pakka ferdig etter at brannen var sløkt, opplyser Sekkingstad. Han er glad for at dei fleire tusen isoporkassane på emballasjelageret i andre etasje ikkje tok fyr.

– Det kunne blitt kritisk, meiner han.

I normal produksjon

Produksjonsdelen og lageret er intakt etter brannen, og allereie tysdag morgon var produksjonen i full gang.

– Vi pakkar som normalt, seier Sekkingstad, som ikkje kan få rost dei tilsette og brannvesenet nok.

Bedrifta er no inne i årets største salsveke, og tysdag måtte fem seljarar jobbe heimanfrå, fordi bedrifta mangla internett etter brannen.