Ikkje løyve til Eide kraftverk

FUSA: NVE seier nei til bygging av Eide kraftverk i Eidselva i Hordaland.

Kraftverket var av Eidekraft AS planlagd med ein installert effekt på 1,3 MW og ein berekna årleg produksjon på omlag 5,0 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 250 husstandar.

Eidselva er ei viktig gyte- og oppvekstelv for storaure frå Gjønavatnet og Skogseidvatnet i Sævareidvassdraget. Storaurestammen i vassdraget er av fleire offentlege instansar vurdert som nasjonalt viktig. Fylkesmannen i Hordaland har utarbeida ei forskrift med sikte på å ivareta viktige gyteelvar i vassdraget. Eidselva er ein av desse. Det er og registrert ål i vassdraget (kritisk truga), skriv Norges- vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.

Bygging av Eide kraftverk vil, etter NVEs syn, ha negative konsekvensar for rekruttering og overleving for storaurebestanden i Sævareidvassdraget og kan difor ikkje gjennomførast. NVE har difor avslått søknaden.