– Framleis for høge tal

Talet på rømt oppdrettsfisk er framleis for høgt. Det meiner regiondirektør Otto Gregussen ved Fiskeridirektoratet region Trøndelag.

På eit lokalt møte i regi av «Norske lakseelver», som er ein organisasjon for fiskeretthavarane i lakse- og sjøaureførande vassdrag, la Gregussen nyleg fram fjorårets tal over rømming av fisk, melder Fiskeridirektoratet.

– Vi må gjere det vi kan for å få tala ned. Direktoratet har ulike verktøy som er til hjelp i dette arbeidet, til dømes rettleiingar og tekniske krav til anleggene og deira drift. Vi har også sporingssystem som gjer at vi kan vi ta dei som forårsakar rømmingar, seier Gregussen.

Fiskeridirektoratet rykker ut i dei tilfella der det skjer rømming eller er mistanke om rømming for å dokumentere det som har skjedd. Både for å lære av hendinga og for å kunne følgje opp ved eventuelle lovbrot, der det er nokon som kan lastast for hendinga.

Les også: Oppjusterer rømmingstallene for 2009 20.01.2011

Fokus på effektmålingar

– Fiskeridirektoratet må ha fokus på auka effektmålingar for å kunne handtere risiko knytt til miljø og havbruk. Vi må sjå på kva desse rømmingane fører til, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Rømmingstala som vert lagt fram, er dei tala som er melde inn til direktoratet. Noko som gjev grunn til uro er mistanken om at ikkje alle tilfelle vert melde inn, anten fordi den som driv oppdrett ikkje er klar over at det har skjedd ei rømming eller at det med vilje vert unnlate å melde inn.

– Vi må fortløpande vurdere om både regelverket, verktøya våre og den jobben som vert gjort av næringa er godt nok i høve til det risikobiletet ein har, seier Holmefjord.

Nyleg la Havforskingsinstituttet fram rapporten «Risikovurdering – miljøvirkninger av norsk fiskeoppdrett». Dette er eit viktig steg vidare også i direktoratet sitt arbeid, opplyser Fiskeridirektoratet.