Oppdrettarar vil finansiere miljøtiltak

Oppdrettarar vil vere med å finansiere miløtiltak for å redusere den negative effekten næringa har på villaks og sjøaure i Hardangerfjorden.

Det kom fram på eit dialogmøte om villaks, der representantar frå oppdrettsnæringa, kommunar rundt Hardangerfjordbassenget, elveeigarar, forskingsinstitusjonar og forvaltning var til stades, melder Fiskeridirektoratet.

– Vi registrerer med glede eit sterkt lokalpolitisk engasjement og vilje i næringa, seier Jens Christian Holm, som er direktør ved kyst- og havbruksavdelinga ved Fiskeridirektoratet.

– Oppdrettarane i Hardangerfjordbassenget har gått inn i arbeidet med strakstiltak på ein konstruktiv og god måte. Næringa har forplikta seg til å delta i arbeidet og finansiere dei relevante tiltaka i 2011 som vart lagt fram på møtet, seier Holm.

Redusere lakselus og rømming

Tiltaka næringa vil finansiere er dei som kan redusere negative miljøeffektar, i denne samanhengen effektane av lakselus og rømt oppdrettsfisk på vill laksefisk. Konkrete tiltak skal diskuterast nærare i arbeidsgrupper der òg næringa vil engasjere seg.

– Næringa gav på møtet til kjenne at dei har eit langsiktig perspektiv på dette arbeidet, understrekar Holm.

Høge ambisjonar

Dei involverte partane har høge ambisjonar for å betre situasjonen for dei naturlege bestandane av laks og sjøaure, og vil prioritere fire tiltaksområde i 2011. Det gjeld områda rømt fisk, lakselus, vassdrag og genbank, og det er nedsett ei arbeidsgruppe for kvart av dei fire områda.

Fiskeridirektoratet skal ha ansvar for arbeidsgruppa som skal jobbe med rømming av fisk. Planane for denne gruppa er å etablere og drifte ein eller to oppgangssperrer i utvalde laksevassdrag, og fortsetje gytefiskteljinger i alle viktige laks- og sjøaurevassdrag. Vi vil òg setje igang eit system for uttak av rømd laks i alle vassdrag som er registert.

– I tillegg skal vi utvide styringsgruppa med tre representantar, slik at villfiskinteresser og kommunane og oppdrettsnæringa rundt Hardangerfjordbassenget blir representert, seier Holm.