– Har stor nytte av akvakulturseminara

– Fylkeskommunane har stor nytte av desse seminara. Dei første seminara var utan tvil svært viktige fordi det då var mange nye sakshandsamarar utan tidlegare erfaring i akvakulturforvalting.

Det seier seniorrådgjevar Guri Stuevold i Sør-Trøndelag fylkeskommune. Ho var ein av meir enn 50 representantar frå fylkeskommunane, Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet var samla i Bergen då Fiskeridirektoratet arrangerte akvakulturseminar 20. og 21. januar, melder Fiskeridirektoratet.

Auka kompetanse med akvakulturseminar

Desse seminara kom i stand etter at ansvaret for tildeling av dei vanlegaste akvakulturløyva, som løyve til oppdrett av fisk som laks og aure vart overført frå Fiskeridirektoratet til fylkeskommunane i samband med forvaltingsreforma frå 1. Januar 2010.

Dette var det fjerde akvakulturseminaret i rekkja, og ein ser føre seg å halde fram med slike seminar årleg så lenge det er trong for det.

– På dette seminaret merkar eg at kompetansen har auka betrakteleg. Det høyrer eg på spørsmåla som vert stilte frå seminardeltakarane, fortel Stuevold.

Tilbakemeldingane frå fylkeskommunane når det gjeld tidsfristar i høve til søknadshandsaminga er at dette stort sett går greitt. Dei ulike instansane overheld sine fristar.

Les også: – Behov for eit tett og godt samarbeid 04.02.2010

Viktige avklaringar

På seminaret gjekk ein gjennom ulike problemstillingar knytte til ulike lovverk som skal leggjast til grunn i sakshandsaminga, til dømes naturmangfaldlova og akvakulturlova.

Anne-Karin Natås ved forvaltingsseksjonen i Fiskeridirektoratet avklarte ulike tema som gebyr, tildeling av løyve til særskilde føremål, leppefisk, klagesaker og konkursar i høve til søknadshandsaming.

– Rettleiar viktig for lik handsaming

Natås har også utarbeidd ein rettleiar i akvakulturforvalting. Denne er no tilgjengeleg på fiskeridirektoratet sine nettsider.

– Vi har hatt denne rettleiaren sidan vi starta med akvakulturforvalting i fylkeskommunen. Denne trur eg er flittig brukt av dei fleste. Det er supert at den no er lagt ut på nettet, meiner Stuevold.

Rettleiaren er eit viktig hjelpemiddel for å unngå ulik handsaming frå fylke til fylke. Oppdaterte merknader til tildelingsføresegna vil også kunne bidra til å unngå skilnader.

– Vi har nokre kontaktmøte der vi tek opp saker med sikte på å gjere ting nokolunde likt langs heile kysten. Dette sleit vi også med i Fiskeridirektoratet, med sine sju regionar, og det er ei enno større utfordring med alle fylka, seier Stuevold, som tidlegare har arbeidd ved Fiskeridirektoratet region Trøndelag.

Med høg innsats og entusiasme

Jens Chr. Holm, som er direktør ved kyst- og havbruksavdelinga, nytta høvet til å rette ein takk til Anne-Karin Natås for det arbeidet som er lagt ned i brukarrettleiaren i akvakulturforvalting.

– Anne- Karin har bidrege til forståing av regelverk. Ved overføring av oppgåver til fylkeskommunane har ho ikkje kvidd seg for å overføre all kompetanse til fylkeskommunane og utarbeidd rettleiar i forvaltingsarbeidet med akvakultur. Forvaltingsreforma hadde ikkje gått like bra utan henne, sa Holm.