Solund Fiskefarm er konkurs

SOLUND: Etter fire års drift er det opna konkurs i selskapet Solund Fiskefarm AS, som har drive torskeoppdett.

Lokale aksjonærar og sparebanken Sogn og Fjordane taper stort på konkursen i Solund Fiskefarm AS. Etter fire års drift melde oppdrettaren i Ytre Solund oppbod tysdag 25. januar, skriv avisa Firda.

Oppdrett av torsk vart ikkje god forretning for eigarane. Aksjonærane taper aksjekapitalen på åtte millionar kroner i selskapet, som har gått med underskot sidan starten, og som har over 15 millionar kroner i gjeld.

Ei rekkje lokale aksjonærar gjekk inn med til saman fire millionar kroner i 2006. Størst av desse lokale aksjonærane, er tidlegare fiskebåtreiar Birger Hjønnevåg med 17,5 prosent av aksjekapitalen. Selskapet Eurofisk AS i Masfjorden eig resten, 50,8 prosent av aksjane. No er alle pengane, ca åtte millionar kroner, tapt, skriv avisa.

Bustyrar Andreas Rønnekleiv fortel at banken har garantert for fôrutgiftene fram til torsken er slakteferdig.