White Ocean og Eurofisk er konkurs

MASFJORDEN: Torskeoppdrettaren White Ocean AS og fire dotterselskap er konkurs.

Selskapa Eurofisk AS, White Ocean Developement AS, White Ocean Masfjorden AS og morselskapet White Ocean AS er alle konkurs, skriv avisa Firda i papirutgåva laurdag. Eurofisk AS var desutan morselskap med 50,8 prosent av aksjane i Solund Fiskefarm AS, som melde oppbod tysdag 25. januar..

Les også: Solund Fiskefarm er konkurs 28.01.2011

Solund Fiskefarm er det einaste selskapet i gruppa som framleis har torsk i merdane. Dei andre har avslutta produksjonen tidlegare, og onsdag 26. januar var det heilt slutt for desse selskapa.

– Investorane har tapt enormt med pengar, seier bustyrar Jan H. Rasmussen til avisa.

Bak morselskapet White Ocean AS står mange investorar frå Oslo og Vestlandet, som har satsa 35 millionar kroner, pengar som no er å rekne som tapt. Selskapet sin rekneskap for 2009, viser eit underskot på 17,2 millionar kroner, som resultat før skatt.

Sparebanken Sogn og Fjordane må bu seg på ytterlegare tap på torsk.

– Vi har pant i anlegg og driftsmidlar, men det er også andre som er med på finansieringa. Vi får sjå på reknestykket til slutt, seier regionbanksjef Ingar Valvik i Sparebanken Sogn og Fjordane til avisa.