– Taper stort på gammal ferje

Gulen: Ferja «Etne» skulle vore brukt til spikar, meiner styreleiar Stein-Inge Larsen i transportselskapet Byrknes Auto.

Han reagerer på at bilferja «Etne» kan kome til å gå i sambandet over Fensfjorden i ti år til.

Byrknes Auto køyrer mellom anna store mengder fisk for oppdrettsselskapa til Ola Braanaas, som med sitt konsern Firda Management AS er ein av dei største frittståande oppdrettarane av laks og aure i landet. Braanaas seier til bt.no at dei taper store summar på at kapasiteten og regulariteten på sambandet er for dårleg:

– Leirvåg–Skipavik–Sløvåg er berre starten for oss. Vi er avhengige av å nå andre korresponderande samband nedover kontinentet. Klarer ikkje vi å levere til avtalt tid, må vi gje avslag i pris. Det har skjedd ganske ofte at vi har tapt pengar fordi ferja er innstilt eller vogntoget ikkje kjem med, seier Braanaas til avisa.

– Så vidt eg forstår fekk Tide anbodet fordi dei leverte inn eit tilbod med gammalt materiell. Konkurrentane ville byggje nytt. Eg er skaka over at Statens vegvesen let Tide få drifte dette sambandet med ei ferje som burde vore skifta ut for lenge sidan, seier Larsen i Byrknes Auto.

– «Etne» er for gammal for tungtransport. Vi står ofte att fordi ho er full, og misser du ei ferje kan det vere halvannan time til neste. Vi har eit trekantsamband med ei ferje som er slik at vi ofte må rygge om bord, og det er trafikkfarleg. I tillegg er frekvensen for dårleg. Det burde vore fleire avgangar, ikkje minst om kveldane, seier Larsen til avisa.