– Eit velkome taktskifte i næringa

Fiskeridirektør Liv Holmefjord er positiv til dei nye miljøtiltaka frå oppdrettsnæringa.

– Det er svært positivt at næringa tar eit større ansvar enn tidlegare for å redusere uheldig miljøpåverknad. Dette er eit velkome taktskifte.

Det seier fiskeridirektør Liv Holmefjord i ein kommentar til at Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) la fram ei liste med 12 tiltak som skal redusere uheldig miljøpåverknad av oppdrett, spesielt kampen mot rømming og lus.

Inn i regelverket

Mange av tiltaka som FHL foreslår i tiltaksplanen må innarbeidast i regelverket, til dømes lovpålagt bruk av kamerovervaking eller bruk av dykkar, strengare tekniske krav til anlegga for å forenkle arbeidet med avlusing og eit eventuelt identifiseringssystem for å spore rømt fisk.

– Fiskeridirektoratet har ikkje vurdert dei ulike tiltaka enno, men ser av pressemeldinga at vi no har ein klarare felles forståing for kva som må gjerast enn tidlegare. Vi må vere klar over at tiltaka må gjerast gjeldande for alle, og dei må vere forpliktande på ein slik måte at dei ikkje kan tilbakekallast, seier Holmefjord.

Les også: – Kraftig taktskifte i miljøarbeidet 12.04.2011

Meir kontroll

Dei føreslåtte tiltaka vil setje ekstra krav til tilsynsmyndigheitene, i form av tettare oppfylging av eit strengare og utvida regelverk, og likeeins tettare kontrollfrekvens på dei enkelte anlegga.

– Vi er akkurat gjort kjent med tiltaksplanen og synes det er svært positivt at næringa tar slike grep. Men vi må sjå på kva fylgjer dei ulike tiltaka vil få for vår verksemd før vi kan seie noko om kva ressursar som krevjast for at forvaltninga skal fylgje opp, seier fiskeridirektøren.