Eksportprisen steig i veke 14

Porsjonsstykke av laksefilet. Foto: Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp frå veke 13 til veke 14.

I veke 14 i 2011 var eksportprisen for fersk laks 42,20 kroner per kilo, ein oppgang på 3,1 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 14 enda på 12.729 tonn, ein oppgang på 16,3 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 10.941 tonn.

I veke 14 vart det eksportert 753 tonn frosen laks, og prisen var 42,95 kroner per kilo.

Tabell: Eksport av laks

2011

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
14 12 729 42,20 753 42,95
13 10 941 40,94 756 42,47
12 11 899 40,79 720 43,45
11 12 165 40,44 634 42,82
10 12 801 40,56 630 43,92
9 10 941 40,89 805 44,47
8 10 585 41,61 512 44,25
7 10 982 40,81 870 43,51
6 10 817 39,71 780 43,16
5 10 320 39,98 1 050 43,00
4 11 570 38,82 913 42,30
3 11 853 40,44 1 014 42,38
2 11 133 39,96 789 41,85
1 9 309 38,43 518 39,64

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2010.