– Sameksistens er mogeleg

– Ryfylkeprosjektet viser at sameksistens mellom oppdrett og fiskeri er mogeleg, meiner seniorrådgivar Onar Gudmundsen i Fiskeridirektoratet region sør.

Med gjensidig respekt for kvarandre sine næringar, dialog frå starten og med samarbeid som arbeidsform, er det mogeleg å drive side ved side, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

– Ryfylkeprosjektet viser at eit problem kan løysast dersom viljen til samarbeid er til stades, sa Onar Gudmundsen i eit innlegg på konferansen om verdiskaping i kystsona i Svolvær fredag 8. april.

Ryfylkeprosjektet kom i gang etter at sei fiska i Ryfylke, inneheldt store mengder oppdrettsfôr og hadde svært dårleg kjøtkvalitet, opplyser direktoratet.

Nekta å ta imot sei

Lokale fiskemottak nekta etter kvart å ta imot sei fiska i Ryfylke og opphavet til problemet var sei som beita på spillfôr under oppdrettsanlegga i området.

Regiondirektør Siri Meling i Fiskeridirektoratet region sør inviterte fiskarar og oppdrettarar til møte for å ta tak i denne utfordringa. Det var starten på ein god dialog og partane drøfta først kva som felles for dei to næringane.

– Ut frå dette vart det sett i gang eit prosjekt, finansiert av mellom anna Rogaland fylkeskommune og med eit sterkt engasjement frå både oppdrettsnæringa i Rogaland og lokale fiskarar. Viljen til samarbeid var til stades heile vegen, sa Gudmundsen.

Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet og Nofima bidrog også til at prosjektet kunne gjennomførast.

Forsøksfiske og merking

Det vart sett i gang ulike former for forsøksfiske og merking av sei for å finne ut kor store mengder det kunne vere snakk om og om kva slags vandringsmønster seien har, for på den måten å kunne planlegge betre.

– Resultatet er mellom anna at oppdrettarane er mykje meir bevisste på korleis dei fôrar slik at minst mogeleg for går til spille, sa Gudmundsen.

Han peikte likevel på at stadig større anlegg med større arealkrav til ankerordningar og fortøyingar, vil bety nye utfordringar for sameksistensen.