Eksportprisen vidare opp i veke 15

Porsjonsstykke av laksefilet. Foto: Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk vidare opp frå veke 14 til 15 i 2011.

I veke 15 i 2011 var eksportprisen for fersk laks 43,61 kroner per kilo, ein oppgang på 3,3 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 15 enda på 13.763 tonn, ein oppgang på 8,1 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 12.729 tonn.

I veke 15 vart det eksportert 773 tonn frosen laks, og prisen var 40,59 kroner per kilo.

2011

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
15 13 763 43,61 773 40,59
14 12 729 42,20 753 42,95
13 10 941 40,94 756 42,47
12 11 899 40,79 720 43,45
11 12 165 40,44 634 42,82
10 12 801 40,56 630 43,92
9 10 941 40,89 805 44,47
8 10 585 41,61 512 44,25
7 10 982 40,81 870 43,51
6 10 817 39,71 780 43,16
5 10 320 39,98 1 050 43,00
4 11 570 38,82 913 42,30
3 11 853 40,44 1 014 42,38
2 11 133 39,96 789 41,85
1 9 309 38,43 518 39,64

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2010.