Eksportprisen vidare ned i veke 18

Porsjonsstykke av laksefilet. Foto: Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned også frå veke 17 til veke 18.

I veke 18 i 2011 var eksportprisen for fersk laks 42,21 kroner per kilo, ein nedgang på 1,2 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 18 enda på 11.889 tonn, ein auke på 20,2 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 9.888 tonn.

I veke 18 vart det eksportert 306 tonn frosen laks, og prisen var 40,60 kroner per kilo.

2011

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
18 11 889 42,21 306 40,60
17 9 888 42,71 222 41,06
16 8 130 43,08 299 44,00
15 13 763 43,61 773 40,59
14 12 729 42,20 753 42,95
13 10 941 40,94 756 42,47
12 11 899 40,79 720 43,45
11 12 165 40,44 634 42,82
10 12 801 40,56 630 43,92
9 10 941 40,89 805 44,47
8 10 585 41,61 512 44,25
7 10 982 40,81 870 43,51
6 10 817 39,71 780 43,16
5 10 320 39,98 1 050 43,00
4 11 570 38,82 913 42,30
3 11 853 40,44 1 014 42,38
2 11 133 39,96 789 41,85
1 9 309 38,43 518 39,64

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2010.