Eide er GlobalGap-sertifisert

FUSA: Systerverksemdene Eide Fjordbuk AS og KJ Eide Fiskeoppdrett AS er sertifiserte etter GlobalGap-standarden.

– Det er med stor stoltheit vi kan meddele at Eide Fjordbruk og KJ Eide Fiskeoppdrett no er sertifiserte for Global GAP, skriv Salmon Group AS i ei pressemelding.

Salmon Group er eit nettverk for små og familieigde oppdrettsselskap.

– Sertifiseringsordninga er i dag rekna for å vere den mest relevante for å imøtekome den vestlege marknaden sine krav. Det vert føresett at alle ledd i produksjonskjeda vert godkjende av sertifiseringa sine eigne revisorar, heiter det i meldinga.

– Mange er avventande til å søkje godkjenning, då det er forbunde med svært mange krav, og alt av dokumentert vert tilsendt på engelsk. At desse to systerverksemdene no er godkjende, er eit resultat av god og systematisk jobbing blant deira eigne leiarar og tilsette, samt ei tett oppfølging frå Salmon Group sin IK-ansvarlege, skriv Salmon Group.

Les også: Globalgap - nyttig standard for oppdrettsnæringen? 27.08.2009