Ankar i saka mot Norsk Havbrukssenter

Fiskeridirektoratet ankar dommen i saka om avslaget på søknad konsesjon for oppdrett av laks og aure i konsesjonsrunden i 2009.

– Fiskeridirektoratet ankar domen i Oslo tingrett av 9. mai 2011 i saka mellom Staten og Norsk Havbrukssenter AS, fordi vi er usamde i resultatet, både når det gjeld dommaren sitt syn på dei faktiske forholda og den juridiske vurderinga som er føretatt.

Det seier seksjonssjef Lise Kvinnsland i Fiskeridirektoratet i ein kommentar til at direktoratet har valt å anke domen.

Tildelingsrunden 2009

Norsk Havbrukssenter AS reiste sak mot staten og påsto at dei skulle ha blitt tildelt eit løyve til å drive oppdrett med matfisk av laks i tildelingsrunden for 2009. Selskapet fekk opphavleg avslag på søknaden om løyve av Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Nordland, med den grunn at selskapet skulle vidareforedle fisken utanfor Nordland fylke.

Fiskeridirektoratet sentralt var samd med Norsk Havbrukssenter AS i at denne grunngjevinga ikkje var rett, men avslo i klageomgangen likevel søknaden til selskapet, med grunnlag i at søknaden ikkje var god nok samanlikna med dei andre søknadene i Nordland fylke.

I dommen gav Oslo tingrett Norsk Havbrukssenter AS medhald i det mest vesentlege spørsmålet og la til grunn at vedtaket til Fiskeridirektoratet var ugyldig.

Grunnen var delvis at direktoratet etter dommaren si meining hadde tolka søknaden uriktig, og delvis at søknaden ikkje var handsama på bakgrunn av regionkontoret sin lokalkunnskap og Norsk Havbrukssenter sine tilleggsopplysingar i klageomgangen.

Omsynet til likebehandling

– Fiskeridirektoratet meiner at omsynet til likebehandling stenger for mogelegheita til å leggje vekt på andre opplysingar om enkeltaktørar enn dei som kjem fram i søknaden og vedlegga til søknaden, seier Kvinnsland.

– Fiskeridirektoratet hadde til og med ei plikt til å sjå bort frå slik informasjon så lenge ikkje samtlege aktørar fekk det same høvet til å supplere sine søknader, avsluttar Kvinnsland.