Tilrår utfisking og dykkaruttak

Det er ikkje realistisk å få på plass oppgangsfelle i Etnevassdraget i 2011. Utfisking og dykkaruttak er difor fremja som eit tiltak.

Arbeidsgruppa i Pilotprosjekt Hardangerfjorden, som arbeider med rømt fisk og effektane av dette, har utreda om det kan la seg gjere å etablere ei sperre i Etneelva for å hindre rømt fisk i å vandre opp i vassdraget. Det er no klart at dette ikkje let seg gjere i inneverande år, melder Fiskeridirektoratet.

Arbeidsgruppa har difor gjort framlegg om utfisking og dykkaruttak av rømt laks frå oppdrett i Etne og ei rekkje andre vassdrag, kombinert med utvikling av felle i Etne for 2012-sesongen.

Pilotprosjekt Hardangerfjorden, som vart skipa i vinter, er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt som tek fatt i dei menneskeskapte faktorane som påverkar dei ville laksefiskane i ferskvatn og det marine miljøet.

Les også: Dialogmøte om villaks i Hardanger 20.12.2010
Les også: Strakstiltak for Hardangerfjorden 26.10.2010

FHL og oppdrettarane betalar

Oppdrettarane i Hardangerfjordlauget garanterer for maksimalt 1,315 millionar kroner til å ta ut rømt laks. Det meste vert søkt dekka gjennom miljøfondet til Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL). Det som ikkje vert dekka gjennom dette, vil bli dekka av Hardangerfjordlauget.

Havforskingsinstituttet har teke initiativ til å utvikle eit prosjekt for å etablere og teste ut ei oppgangsfelle i Etnevassdraget. Pilotprosjekt Hardangerfjorden støttar dette initiativet, som vil kunne få stor verdi for andre vassdrag som treng eit slikt tiltak.

Oppdrettarane i Hardangerfjordlauget antar at ei felle i Etne kan koste i storleik om lag 2 millionar kroner ferdig etablert i elva. Ei slik felle vil næringa sikre finansiert med eigne og/eller eksterne midlar.

Les også: Oppdrettarar vil finansiere miljøtiltak 24.01.2011

Vil overvake smoltutvandring

Fiskeri- og kystdepartementet har lova ein million kroner til følgjeforsking i Hardangerfjorden. Av desse meiner styringsgruppa i pilotprosjekt Hardangerfjorden at det er rett å sette av inntil 500 000 kroner til følgjeforsking på effektar av lus. Formelt tildelingsbrev på pengane ligg enno ikkje føre.

Styringsgruppa konstaterer at ein no ser resultat av gode prosessar mellom lokale interessentar, forvalting og næring, tufta på ei forvaltings- og forskingsbasert tilnærming.