- Ein revolusjon i arbeidet med daudfisk

Del saken

Blom Fiskeoppdrett og Lift Up Akva har testa ut eit nytt system med lateralpumping av daudfisk.

Både av smittehygieniske og arbeidsmiljømessige omsyn, er det viktig med effektive system for fjerning av daudfisk på anlegga. Blom Fiskeoppdrett AS og Lift Up Akva AS, har i samarbeid testa ut eit heilt nytt system, som medfører minimal menneskeleg handtering og stor kapasitet.

Laks- og aureprodusenten Blom Fiskeoppdrett er dei første i verda til å prøve ut lateral daudfiskpumping frå 120 meter ringar, med ei røyrlengde på 450 meter. Dette har synt seg å gå over all forventing, og systemet kan no tilrådast som eit kjempestort framsteg for handteringa av daudfisk, skriv oppdrettsnettverket Salmon Group AS i ei pressemelding.

Blom Fiskeoppdrett har ikkje vore utsette for sjukdom i anlegga, og har heldigvis ikkje fått prøvd kapasiteten til metoden for alt den er verd. Men ein reknar med at om pumpene går for fullt, vil ein frå eit anlegg med sju 120 meters ringar, kunne hente ut om lag 70 tonn daudfisk i løpet av ein arbeidsdag på 8 timar. Kapasiteten vil sjølvsagt basere seg på at ein har kvernkapasitet til å ta seg av denne mengda, heiter det i meldinga.

Opptak av daudfisk har til alle tider vore mellom dei mest utakknemlege oppgåvene ved oppdrettsanlegga, og ved toppar i dødelegheit og høge temperaturar, har det vore eit riktig utriveleg arbeid. Med denne nye måten å løyse problemet på, tel ein berre daudfisken ved eit brett som han passerar før han vert oppmalen og ensilert.

- Meir sutalaust enn dette kan det knapt bli, seier produksjonssjef hos Blom Fiskeoppdrett, Jan Ivar Bildøy.  

Blom Fiskeoppdrett har hovudkontor i Blomvågen i Øygarden kommune, vest for Bergen. Verksemda har 8 konsesjonar for laks- og aureproduksjon, og er med i nettverket Salmon Group. Med 40 års oppdrettsaktivitet bak seg, er dei ein av veteranane i oppdrettsnæringa.

Lift Up Akva leverar system for fjerning av daudfisk, «faeces» (ekskrement) og spillfôr til oppdrettsnæringa. Selskapet held til i Fusa kommune, sør for Bergen.

- Vi reknar med at dette nye systemet vil kunne leverast til marknaden frå månadsskiftet september/oktober, opplyser Liam Heffernan, dagleg leiar ved Liftup Akva.