– Dramatiske reguleringar på tynt grunnlag

Oppdrettsnettverket Salmon Group reagerar sterkt på framlegga i arealutvalet sin rapport om effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringa.

Salmon Group AS har levert eit eige høyringssvar til rapporten om arealbruk i havbruksnæringa, populært kalla «Gullestad-rapporten», etter utvalets leiar Peter Gullestad.

Les også: Arealutvalgets rapport på høring 05.03.2011

Les også: Arealutvalgets rapport snart på høring 05.02.2011

– Alvorlege konsekvensar

I svaret held Salmon Group fram dei alvorlege konsekvensane, som dei meiner at ei innføring av produksjonsområde vil få for dei lokaleigde aktørane. Ein peikar og på den svake dokumentasjonen som ligg til grunn for dei verkemiddela utvalet føreslår.

«Salmon Group meiner at forslaget om oppretting av produksjonsområde er lite hensiktsmessig for å oppnå dei måla ein set seg for næringa si framtidige bærekraft. Derimot vil ein auke kostnadsnivået for oppdrettarane dramatisk, både med omstyn til nyetablering av anlegg og drifta av desse. Med dette vil ein sannsynlegvis presse fram ei dramatisk omstrukturering i næringa, som fort kan ende med eit fåtal aktørar med stor marknadsmakt og ein global eigarstruktur. Med å oppkonsentrere produksjon vil ein påføre eit auka smittepress i dei områda som til ei kvar tid er i drift. For smoltproduksjon og slakteristruktur vil situasjonen bli ei akutt underminering av dagens strukturar og lokalisering», heiter det i høyringssvaret frå Salmon Group.

Oppdrettsnettverket meiner at framlegga i rapporten er sett fram på eit tynt kunnskapsgrunnlag. Derimot er har fire direktorat gjeve støtte til hovudkonklusjonane i rapporten.

Les også: Vil ha produksjonsområder i oppdrett 16.08.2011

– Samfunnsøkonomiske og næringsmessige konsekvensar ikkje greia ut

Salmon Group har og lagt vekk på å syne viktigheita av å behalde dei lokaleigde selskapa i næringa, og engasjerte på førsommaren siviløkonom og tidlegare banksjef, Johan Magerøy, til å utgreie den samfunnsøkonomiske verdien av desse verksemdene sin aktivitet.

Med hjelp av NHO sine berekningar for samfunnrekneskap i verksemder, kunne Magerøy konkludere med at skatteinngangen frå Salmon Group sine matfiskselskap med deira underleverandørar, er på heile 1001 millionar kroner, altså ein god milliard. Johan Magerøy har og levert eit eige høyringssvar til rapporten frå firmaet Mentor AS.

Salmon Group meinar at utvalet ikkje har oppfylt mandatet sitt når det gjeld å avklare dei samfunnsøkonomiske og næringsmessige konsekvensane av forslaga. I mandatet står det:

«Utvalget skal utrede økonomiske, administrative, distriktsmessige og andre vesentlige konsekvenser av de forslag som fremmes i samsvar med Utredningsinstruksen av 18. februar 2000».

– Det er ikkje råd å finne spor etter ei slik vurdering i rapporten slik han føreligge, skriv Salmon Group i ei pressemelding.

Salmon Group meiner at slik kunnskap må danne grunnlaget for den politiske handsaminga av desse forslaga. Det er no opp til politikarane å avgjere framtida for norske lokaleigde havbruksverksemder og deira lokalsamfunn, framhevar oppdrettsnettverket.

– Isolert sett er rapporten eit sviktande grunnlag å tufte denne avgjerda på, konkluderar Salmon Group.

Sjå også:
Høring - Arealutvalgets rapport - Saksoversikt (FKD)