Pris til Redningsaksjonen for Vossolaksen

Del saken

Fiskeridirektoratets Miljøpris for 2011 er tildelt «Redningsaksjonen for Vossolaksen».

Arbeidet kom i gang for om lag to år sidan, og alt no viser aksjonen lovande resultat i form av kilenotfangstar i sjøen og vandring oppover vassdraget, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding. 

– Årets vinnar driv i høgste grad med eit viktig miljøarbeid som vil koma både oss og våre etterkomarar til gode. Årets vinnar er dessutan eit godt eksempel på at aktørar med ulike interesser kan samlast om eit felles mål. Det er eit eksempel på at samarbeid på tvers av ulike utgangspunkt må til for å løyse ei samansett utfordring.

Det sa fiskeridirektør Liv Holmefjord då ho i dag overrekte prisen under årets Aqua Nor-messe i Trondheim.

«Nå eller aldri for Vossolaksen – plan for redningsaksjon» skal gå i ti år og målet er å få tilbake den vidgjetne Vossolaksen, omtalt som verdas største atlantiske laks. Med bakgrunn i ulike årsaker har Vossolaksen vore omtalt som bortimot utdøydd og det er genmateriale som no blir brukt for å bygge stammen opp igjen.

Like før Aqua Nor blei det opplyst at det vert registrert tre til fire gonger meir laks i vassdraget så langt i år enn i heile fjor.

Les også: Rekordutsett av Vossosmolt 30.05.2011
Les også: Startar redningsaksjon for Vossolaksen 18.12.2009

Breitt samansett

«Redningsaksjonen for Vossolaksen» er eit breitt samarbeid mellom elveeigarar i Vossovassdraget, oppdrettarar i Hordaland organisert i Vossolauget, UNI Miljø, Voss kommune, Voss klekkeri, BKK, Fylkesmannen i Hordaland og Direktoratet for Naturforvaltning. Prosjektet er organisert i ein tiltaksdel og ein forskingsdel med ei forvaltningsgruppe på toppen.

Prosjektkoordinator Monika Haugland frå Fylkesmannen i Hordaland og Voss klekkeri, forskingsleiar Bjørn Barlaup frå UNI Miljø og styreleiar Cato Lyngøy frå Vossolauget tok imot prisen på vegne av redningsaksjonen.

Les også: Miljøpris til Sør-Norges Trålerlag 23.08.2010
Les også: Miljøprisen 2009 tildelt Per Andersen 18.08.2009

Om miljøprisen
Fiskeridirektoratets Miljøpris blei etablert i 2007 og vert delt ut årleg under messene Nor-Fishing og Aqua Nor, som begge vert arrangert annankvart år i Trondheim og i august månad. Målet med å dele ut prisen er å bidra til å styrkje og bygge opp under fiskeri- og havbruksnæringa sitt arbeid med å møte dei miljøutfordringane som næringa står overfor.

Les også: Søker kandidater til årets miljøpris 26.05.2011